
Denne koselege nissefamilien blei innkjøpt for mange år sidan. Manglar nissefar, men alle veit jo kor travelt han har det på denne tida! Nissane er frå
Fagstrikk, eg kjøpte dei
her. Kledene er stort sett ferdig strikka, manglar berre litt montering og toving. Det er merkeleg korleis ting kan bli liggande i årevis, nesten ferdig! No har minstemann fatta interesse for denne familien, så i år må eg prøve å få gjort han ferdig..... I bakgrunnen står den 182 år gamle kista som eg har arva frå farsida. Ho er frå 1825 og rosemalt i eit lokalt mønster.

Eg har ikkje fått strikka noko dei siste vekene, på grunn av rygg og nakke, så eg begynte på eit lite overkommeleg julestitchery i går. Mønsteret har eg hatt eit par år, og eg synest det er kjempefint, spesielt dei applikerte bildene!