Viser innlegg med etiketten Strømper. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strømper. Vis alle innlegg

13 mai 2009

Magiske sokkar....

.....Vel fullt så spanande er det ikkje. To par sokkar til Minstemann strikka i Magi frå Rauma.
Brukte akkurat to single 50 grams nøster som eg har hatt liggande lenge.
Etter ei periode med mykje regn og dårleg ver,
er det no blitt "sommar" igjen!
Det ser ut til at det blir flott ver på 17. mai i år!

29 mars 2009

Sokkar i Sisu og Søndagstur

I dag fekk eg fullført dette sokkeparet i Sisu frå garnlageret. Det er strikka til Minstemann.
Det er første gang eg har prøvd Knit Picks strikkepinnar. Mine er 2,5 mm og 15 cm lange, kjempegode!!
Bilder frå søndagsturen i dag. Nydeleg ver, men kaldt!

23 juni 2008

Sommarstrikk

På tide med ei lita oppdatering her på bloggen. Eg har strikka ferdig sokkeparet som eg begynte på for ei god stund sidan. Eg hugsar ikkje heilt kva garnet heilter, men trur det er Austermann Step. Av restane pluss litt andre restar, strikka eg eit sokkepar til minstemann.

24 mars 2008

Mosters babystrømper

Eg har masse restar av diverese baby-ullgarn liggande, så no tenkte eg at det var best å få brukt litt av det. Fann dette mønsteret i "Strikk til nøstebarn" av Kathrine Gregersen. Strømpene blir strikka fram og tilbake og sydd saman til slutt. I boka fann eg berre eit dårleg bilde av strømpene, så det var Den gode feen som inspirerte meg til stripemønsteret.
Str. 4-12 mnd.

12 januar 2008

Årets første strømpepar


"Yarn over Cable"-sokkane blei ferdige i går! Dei er strikka i Opal Uni på pinnar 2,5 mm. (Mønster lenger nede på sida). Grunnen til at det har tatt litt tid å få dei ferdige, er ikkje at mønsteret er vanskeleg eller treigt å strikke, men fordi eg har vore så oppslukt av å lese den nye serien, Landsbyliv. No er eg ferdig med dei fem bøkene som er publisert så langt (ny bok i febr. ). I kveld skal eg bygynne på "Ligge i grønne enger" av Anne B Ragde.

08 desember 2007

Kaffe Fassett

I dag fullførte eg desse strømpene i tynt Regiagarn. Det er Kaffe Fassett som har designa farge og mønster. Det er lenge sidan eg begynte på dette paret (oktober), så eg er ikkje lenger så flittig til å strikke strømper som eg var ei stund.
Today I finished this pair of socks i Regia.

09 oktober 2007

Regiasokkar

Innlegga kjem tett no i haustferien. Førebels er eg berre heime og slappar av og kosar meg! Desse Regiastrømpene blei ferdige no i kveld. Eg synest fargane er kjempefine! Regia, 4-trådar - pinner 2,5 str. 43 ca. Enklare kan det ikkje bli, men litt treigt går det på så tynne pinnar.

06 oktober 2007

Opal Regnskog

Når ein har mange prosjekt på gang og stadig byrjar på noko nytt, seier det seg sjølv at det tar si tid før ein får ting ferdig. Difor, for å ha noko å vise fram her, tok eg meg saman og strikka ferdig dette sokkeparet i "Slange" (trur det er Regnskog 2 serien). Str. 38-39 på pinnar 2,5. Eg veit ikkje heilt kva eg tykkjer om desse fargane/mønsteret. Blei eigentleg litt kvalm av dei, men det kan og skyldast at eg åt litt for mykje smågodt medan eg fullførte dei....Dei får bli julegåve, trur eg......

16 september 2007

...Og to par strømper til bitte lille bror..

Desse strømpene har vore nesten ferdige ei stund. Til venstre "Jeep-sokkar" til 3-åringen. Eg brukte eit nøste Sisu og fekk akkurat litt for lite garn. Viss ein ser godt etter, ser ein at eine tåa er i ein annan (men liknande) farge... Til høgre eit par til same karen strikka av ein rest Online.

15 august 2007

Online-sokkar

Desse sokkane blei akkurat ferdige, og dei er overrekt til min eldste son på 19 år! Han hadde forressten sin første dag som student i dag. Han skal ta årsstudium i kroppsøving ved Lærarhøgsskulen i Volda. Minstemann skal til samanlikning begynne i ny barnehage i morgon Han er 3 år.... Det blir nok sokkar på han og, for det er ganske mykje garn igjen av 150 grams-nøstet med 6-tråda Online som eg har brukt her!

08 august 2007

Strømper til jubilanten!

No har eg endeleg klart å fullføre desse strømpene som eg skal gi i bursdagsgåve til onkel Jostein! Han vart 50 år i sommar, men dagen blei ikkje feira pga. dødsfall i familien. Det tar si tid å strikke herrestrømper i tynt Regia-garn på pinnar 2,5 mm. Men alle som har prøvd slike strømper veit kor bra dei er, og at det er verdt strevet!