10 september 2013

Bamsedress


Eg har strikka ein bamsedress i Smart til ei lita frøken.
Mønsteret fann eg i 0613 julehefte frå Sandnesgarn.
Dette heftet er lagt ut som gratis mønsterhefte
 på Sandnesgarn si nettside.
 Kjekk og enkel å strikke.
  Litt arbeid med monteringa,
 sidan alt er strikka fram og tilbake. 
Eg har aldri sydd glidelås i strikkaplagg før,
så det brukte eg litt tid på å få fint til...
Dressen i heftet er strikka i beige tweed,
 men denne fargen er ikkje i sal lenger. 
 Heldigvis er der ein veldig fin lysegrå farge i Smart,
som eg har brukt i staden for.