23 november 2007

Kosmetikkpung / Toiletbag

Eg har sydd denne kosmetikkpungen i romantiske stoff. Mønsteret fann eg i Lise Bergene si bok "Vesker og bager, sy dem selv". Eg har gjort to endringar. Botnen fekk eg ikkje fin, så den laga eg litt annleis enn i mønsteret, og så sydde eg på eit band oppe. Delvis av praktiske grunnar og delvis for å skjule enden på glidelåsen som eg ikkje synest blei heilt fin....Dette er første gang eg har brukt glidelås som er kjøpt i metervis. Det fungerte veldig bra! Denne gangen brukte eg overtransportøren då eg sydde i glidelåsen, og det gjekk mykje betre enn sist eg prøvde meg på å sy i glidelås! Både glidelåsen og det blomstrete fløyelsstoffet har eg kjøpt hos Ingun på Primula Design.

I have made a toiletbag in romantic fabrics this week. The pattern is from one of Lise Bergenes great books.

9 kommentarer:

Besta sa...

Denne var søt og nydelig!! Kor flink du er!!!God helg til dykk alle.

Haldis sa...

Den vart søt.Du er flink.

Ingrid:) sa...

VERY NICE ! ;p

Elin sa...

No skvatt eg i stolen! Kjempefin!!

Ingun sa...

Det var artig å sjå korleis du har brukt det fine fløyelsstoffet.Tips:glidelåsdragaren kan monterast på frå begge sider God Helg Beste helsing Ingun

Timotei sa...

Kjempefin, rett og slett!

Marie sa...

Så flink du er! Kjempefin!

Husflidstausa sa...

Nydeleg kosmetikkpung.Det blomstrete fløyelsstoffet var lekkert.

Mor Grethe sa...

Det var en søt sminkepung. Glidelås er ikke så enkelt, men det er vel med det som med alt annet.... øvelse gjøre mester. Du... jeg skulle gjerne hatt slike heklekroker du har kjøpt deg.... kjenner det på tommelen min. *au* Ser de selger dem på ebay.... men jeg tør ikke å handle der. Ha ei fin uke.