25 juni 2015

Pute og klutar

Eg har ein del hekla umonterte puter liggande.   
I kveld fekk eg sydd bakstykke til denne.
Det blei på enklaste måten, 
ei gammal gutteskjorte med ferdig knappestolpe.
Men sjølv dei enklaste ting skal gjerast.
Så no håper eg at eg er i gang igjen,
etter ein lang periode med "sysperre".

 Elles har eg strikka nokre få klutar.  
To av dei er frå gratismønstrene som Bitta Mikkelborg
 legg ut kvar fredag på facebook-sida si.


 Den siste her er strikka med dobbel Mandarin Petit.  
Trur det var 40 m på pinne nr. 4,5.
Ein omg. 1 r og 1 vr.  Og ein omgang rett.

Jonsokbål.

13 juni 2015

Hekla sekskantar

Eg fekk lyst til å prøve å hekle sekskantar i staden for kvadrat.  
Fann eit kjekt gratismønster som heiter Weekender blanket.  
Her heklar ein saman sekskantane etter kvart. 
Det var veldig artig, men eg syntest det var greit å avslutte
då arbeidet var stort nok til å kunne brukast som løpar.
Har brukt restar av Mandarin Petit frå Sandnes.

Elles har eg hekla eit sjal i silke og alpakka.