31 mars 2008

Regionstreff

I går var eg på regionstreff for kvilteklubbane i Sogn og Fjordane. Det var klubben vår som var arrangør, og Hanne Schneider var invitert for å halde foredrag om Dear Jane. Ho fortalde både om det opprinnlege teppet, som blei sydd av ei amerikansk kvinne på 1800-talet, og sitt eige Dear Jane-teppe. Litt av ein jobb å sy eit slikt teppe, men det ser utruleg flott ut!
Her er ein mindre variant.
Over alt var det utstilt små og store lappetepper, løparar og anna som medlemmane i klubben har sydd. På ettermiddagen var det ope for publikum. Alle medlammane hadde baka kaker, så det var nok av godsaker å få kjøpt i kafeen.

Fine japansk-inspirerte vesker!

Denne nydelege duken er sydd av ein kollega av meg!

28 mars 2008

Sjal i alpakka

Dette sjalet har vore nesten ferdig ei stund, og i påska tok eg meg saman og fullførte det.
Sjalet er strikka i Drops alpakka på pinnar nr. 3.
Eg la opp 3 masker og auka ei maske i begynnelsen av kvar andre pinne (på retta), til eg hadde ca. 100 masker på pinnen. Så var det å felle ei maske i begynnelsen av kvar andre pinne, til det igjen var tre masker på pinnen.
Veldig enkelt med andre ord!
Det er mogeleg eg kjem til å strikke fleire sjal etter dette mønsteret, men då vil eg strikke i dobbel alpakka eller i ull.
Den oransje fargen er ikkje fullt så sterk live som på bildene......


24 mars 2008

Mosters babystrømper

Eg har masse restar av diverese baby-ullgarn liggande, så no tenkte eg at det var best å få brukt litt av det. Fann dette mønsteret i "Strikk til nøstebarn" av Kathrine Gregersen. Strømpene blir strikka fram og tilbake og sydd saman til slutt. I boka fann eg berre eit dårleg bilde av strømpene, så det var Den gode feen som inspirerte meg til stripemønsteret.
Str. 4-12 mnd.

23 mars 2008

Påskebesøk hos Lappetausa

I dag var eg (m. fl.) på besøk hos tante Elin. Der fekk vi sjå på alle blokkene som ho har sydd det siste året, og det er imponerande mange! Desse Sylvia Bridal-blokkene held ho på å sy saman til eit dobbelt sengeteppe. Legg merke til alle blokkene ho held i hendene som enno ikkje er sydd saman!
Dette prosjektet begynte ho på etter å ha lese desse romanane. Eg har fått låne boka som er på over 700 (engelske) sider og inneheld dei tre første romanane. Eg trur ikkje eg kjem til å forstå fullt ut kva dette går ut på, før eg har lese desse romanane og studert litt på sida til forfattaren, Jennifer Chiaverini.
Eg håper Lappetausa tek med seg det halvferdige prosjektet til Regionstreffet på Stårheim skule, søndag 30. mars, slik at fleire kan få gleden av å studere det på nært hald!

21 mars 2008

Bursdag


I dag er bloggen min 1 år!

Langfredag

Endeleg kom det fine påskeveret! Vi var på tur i skogen, laga bål og spidda pølser. Meir sol seinare på dag.

Utsikt mot vest

20 mars 2008

God påske!

Denne søte påskekyllingen har minstemann laga i barnehagen!
Eg måtte berre strikke eit par til av desse vottane! Denne gangen endra eg litt på kanten nede og laga ein "Paradoxical" vri.
Eg brukte dessutan Perfect frå Sandnesgarn, eit garn som passa heilt perfekt til dette mønsteret!
Utsikta frå hobbyrommet mitt i dag, Skjærtorsdag. Det er fortsatt grått og trist ver.

17 mars 2008

Vinter og Vottar

Forrige veke strikka eg dette votteparet som eg har sett på lenge. Mønsteret er i frå eit Idenahefte med mange fine vottemønster frå Færøyane, Finland og Grønland. Eg brukte Smart og pinnar nr. 3,5, så det gjekk ganske fort. På grunn av mønsteret fekk vottane ein fast og fin fasong og sit godt på hendene. Eg trur nok eg kjem til å strikke fleire av desse!

Laurdag hadde vi den fine våren her på Vestlandet, med sol, berre vegar og grønt gras. Men dagen etter begynte det å snø, og det blei full vinter igjen....

16 mars 2008

200 quilt blocks

Svigemora mi kjøpte denne boka til meg på ein bokhandel i Sydney. Veldig fin bok med 200 ulike blokker! Tanta mi, Lappetausa, er jo alvorleg hekta på å sy blokker, så kanskje vi blir fleire i "klubben" no!

11 mars 2008

Opplading til påske

Så lyst var det måndags morgon då eg for på jobb! Herleg at det er slutt på "mørketida", og at våren er her. Det har vore ein lang vinter!
No er det lenge sidan eg har hatt noko ferdig å vise fram som er strikka eller hekla. Faktisk blir det meir og meir hekling på meg, så kanskje eg må til å skifte namn til Heklemor(o)!? Vel, her er i alle fall årets første påskeprodukt. To gryteklutar i sterke påskefargar! Dei er hekla i Gjestal sitt "bomull Sport" (trur det er det det heiter...). Eg fann mønsteret i dette heftet frå Solberg. Gryteklutane var veldig enkle og raske å lage, eit kjekt lite prosjekt!!

08 mars 2008

Litt laurdagssnop!

Dagens fangst etter eit besøk hos Eid Miljø. Eg kjøpte ull som skal bli til tova påskeegg. Blomstrane hadde eg eigentleg tenkt til noko anna, men ser no at dei kanskje kan brukast til pynt på egga. (Isoporegga kjøpte eg hos Libris). Eg kjøpte også eit sokkegarn som eg ikkje har prøvd før. Det er tjukt og mjukt og minner meg om Løve sitt sokkegarn.

05 mars 2008

Ny lappebok

I dag kom denne boka i posten frå Cappelen Damm sin hobbybokklubb, Hobbyglede! Ei veldig fin bok, litt Lise Bergene stil!
Eg synest desse "nåleputene" er ganske stilige! Dette skulle vere eit overkommeleg prosjekt.
Her er forresten lappebøkene mine som eg har mykje glede av! Det er kjekt berre å sitte og bla i bøkene og drøyme om alt ein har lyst til å lage, men som ein ikkje får tid til!

02 mars 2008

AnnAKa-pose for hesteinteresserte

I dag sydde eg ferdig min andre AnnAKa-pose, denne gongen den mellomste storleiken.
Eg trur eg skal kjøpe ei mindre dokumentklemme til denne. Det som er veldig bra med desse klemmene, er at dei sit så godt fast, at posane fint kan henge på ein krok på veggen.

01 mars 2008

Bloggartreff og "sysnop"

I dag var eg på shopping og kafe saman med to andre hobbybloggarar, Lappetausa og Marit. Lappetausa kjenner eg no godt sidan ho er tanta mi, men Marit har eg aldri møtt før. Moro å bli kjend med nye folk på denne måten! Etter kvart slutta også systra mi, LilleMø, seg til bloggar-gjengen!
Hos Ingun på Primula blei det handla litt stoff m.m.
Eg fekk meg dessutan ein hyggeleg overrasking i dag. Lappetausa har hatt loddtrekning blant dei 25 som skreiv kommentarar på innlegget hennar 24. febr. Og gjett kven som var den heldige vinnar av sy-snop i høve 1-års jubileumet hennar som bloggar?! Eg fekk to nydelege japanske stoffbitar og ein flott knapp. Tusen takk!