28 september 2015

Spice of life

Eg har blitt med på denne "samheklinga" på fb.
Sjå link-knapp til høgre på sida mi.
Det skal bli eit lite teppe.
Eg heklar i Daletta (Dale) og Alpa (Europris),
så det blir eit lett teppe i ull, alpakka og akryl.

05 september 2015

Klut i to fargar

Ein ny klut er komen på pinnane.
Også denne er frå det nye kluteheftet til Sandnesgarn.
Kjekt og enkelt mønster!
Minnar litt om Ballband Dishcloth, berre enklare.
Eg strikkar i bomullsgarnet til Søstrene Grene.
Garnet er billig, og kvaliteten ser ut til å vere deretter.  
Det loar ein del under strikking i alle fall.
Eg abbonerer på Lev Landlig
eit veldig kjekt og inspirerande blad.
Denne gongen er der mønster på teppe og pute 
i enkel rillestrikk.  
Supert til restegarn!
Sidan eg har laga meg ny heading og har korga med på bildet, 
får eg reklamere litt for den og.
Korga har eg kjøpt hos Ingun på Primula Design.

03 september 2015

Strikkegenserar i bruk

 Nokre bilde av Line-genseren min etter vask.
Ermane var litt trange og korte før vask,
men blei heilt passelege etterpå.
Reknar med at genseren vil sige og utvide seg i bruk.
Har sett at folk har ulike erfaringar med dette garnet.
Genseren er i alle fall tatt i bruk
og er grei å ha på denne årstida!
                                             Den andre genseren eg strikka i sommar,
og som eg skreiv om her.
       var fin å ha med på kveldstur til Briksdalsbreen i juli.
                                        Isbreen hadde minka ein god del sidan sist eg var her.