30 juni 2007

Shopping på Hamar

Denne veka har eg vore på Hamar saman med minstemann på tre år og systra mi. Dei to døtrene til systra mi var også med, men dei budde på ein skule og var opptekne kvar dag på Tusse Handballskule i Vikingskipet.
Eg var inn på ein Pandurobutikk og hamstra litt Tilda-ting. Kjøpte denne kjempesøte syboksen til berre 69 kr, tre stoff, ringar som skal brukast til nåleputer og eit pynteband!

Det byrja så bra, berre eit garnnøste (til gjengjeld er det på 150 gram...)! Eg må jo prøve dette Online-garnet som eg til no berre har sett bilde av på nettet! Men då eg kom heim var det fem nøster til i kofferten! Online igjen og Regia.

23 juni 2007

Lilla sommar

Det har blitt lite blogging i det siste, men slik blir det kanskje om sommaren? Det er så mykje som skjer på denne tida. Men no har eg sommarferie heilt til 15. august, så då blir det nok litt meir tid til handarbeid vil eg tru!
Eg har kjøpt meg eit feriestrikketøy. Har begynt på ei lett sommarleg jakke i bomull og mohair. Strikkar i Mandarin Petit og Plumet, og det blir kjempefint og lett! Pinnar nr. 5, så det går bra fort også!
Mønsteret fann eg i eit pt hefte (nr. 78). Som de ser går det fortsatt i bølger!



Juninettene er fantastiske når veret er bra. Dette bildet er knipsa rundt midnatt for nokre dagar sidan. Legg merke til den flotte lillafarga himmelen!





Babyjakke og hue i bølgemønster

Dette settet som består av jakke og hue, strikka eg i fjor haust/vinter til ein då ufødt baby. Settet skulle mora mi gje i gåve. Babyen viste seg å bli ein flott gut. Her er han eit par månader og allereie ein samfunnsinteressert gut som studerer dagens avis!
Eg er visst hekta på bølger, for også denne jakka er i bølgemønster!
Mønster og garn er Bambino frå Idena.

17 juni 2007

Kattungane forlet "redet".

Denne helga fekk ein av kattungane ein ny heim!
Det er både fint og litt trist.















Litt sturing på dei to som er igjen!

To nye strikkebøker


Kjøpte desse to kjempefine engelske strikkebøkene til meg sjølv i bursdagsgåve!!

Boka til venstre inneheld 25 klassiske strømpemønster.

Boka til høgre er oppfølgaren til ei strømpebok (som eg sjølvsagt har). Ho har mønster på både fleirfarga sokkar med mønsterborder og
einsfarga mønsterstrikka sokkar.

10 juni 2007

Supersommar


Juni hittil har vore heilt topp! Måtte det berre fortsette sånn!

Bølgeteppet mitt er blitt for stort til å drakse med seg rundt om kring. Orkar knapt å ta det med ut i hagen....Eg har difor begynt å hekle oldemorsruter i restegarnet frå bølge(reste)teppet!
Skal ha ein omgang med naturkvitt rundt alle rutene før dei blir sydd saman, trur eg!
Det skal bli ei pute til bølgeteppet! Får sjå kor mange lappar eg endar opp med!

05 juni 2007

Sommaravslutning i Quilteklubben


I kveld var det sommaravslutning i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb. Eg var på ein annan avslutning fyrst, så eg fekk berre med meg siste delen av arrangementet. Det er blitt tradsjon å arrangere sesongavslutninga i Jektehola, som er eit veldig fint friområde omkransa av blant anna mange tre. Dei som har noko å vise fram tek det med slik at det kan hengast opp på snorene som er knytt opp mellom trea! Elles er det grilling, kaffidrikking, loddsal og prating det går i!

Det var veldig mykje fint å sjå i kveld! Eg jobbar saman med to damer som er litt meir aktive ved symaskina enn meg. Her er det dei hadde med til utstillinga!

03 juni 2007

Fjord og fjell


Heimbygda mi fotografert frå ca. 300 m over havet.
Ein liten trimtur i kveld til Ossetra, som etter mi meining er den flottaste setra i Eid kommune!

Ossetra klokka 21.00.

Juni i full blomst!


I dag har det vore ein fantastisk fin og varm dag, og varmare skal det visst bli!
Har fotografert litt frå hagen.

Dette er eit Japansk epletre, og det står i full blomst no! Veldig fint, så lenge det varer!




Sol og sommar


Har hekla ei lita sommerhue til tantebarnet mitt, Kristine. Hua er hekla i halvstavar, og eg måtte slå opp i ei handarbeidsbok for å sjå korleis det skulle gjerast.... Har brukt diverse restar av tynt bomullsgarn, mellom anna Mandarin Petit. Hekla mesteparten medan eg såg detektimen fredag!
Eg brukte dette mønsteret!