30 desember 2009

Dagen før den siste dagen....

.... i året var Minstemann og eg på ein fin sparketur.
Først litt shopping og etterpå besøk hos mormor og morfar.
Ispinne og film, jammen er det fint med ferie!

29 desember 2009

5. juledag

I dag er det kaldt ute, minus åtte-ti grader.....
Sola skin berre på fjelltoppane.
Småfuglane kosar seg med solsikkefrø.

27 desember 2009

Julegåver frå Lappetausa

Eg blei overraska då eg opna pakken frå Lappetausa
og såg denne supre boka frå 2005
som handlar om Elisabeth Zimmermann og inneheld mønstrene
som ho gav ut som nyheitsbrev
i perioden 1958-1968.
"The Opinionated knitter" er namnet som E.Z.
ønskte å ha som tittel på si første strikkebok,
og namnet refererer til henne sjølv som strikkar.
Men forlaget ville kalle boka"Knitting Without Tears", og slik blei det.
Opinionated tyder på norsk sjølvsikker eller påståeleg,
i følge ordlista mi.
Elin kjøpte denne i tidlegare i år og har strikka
"Surprise jacket", eit mønster frå 1968 som fortsatt er veldig populært. Det er faktisk det mest populære babymønsteret på Ravelry, 9908 prosjekt i skrivande stund.
Elin meinte at boka passar her hos meg.
XXX
Eg hadde eigentleg allereie fått julegåve frå henne, dei to lappe/quiltebøkene under her.

26 desember 2009

2. juledag

Denne fine og blide engelen fekk vi i julegåve frå Minstemann på 5 år.
Han har laga den i barnehagen.

25 desember 2009

Båltur 1. juledag

I dag måtte vi ut ein tur med Minstemann.
Då blei det bål og kosestund i fjæra.

23 desember 2009

Merry Christmas!

Det har blitt lite blogging dei siste vekene,
men no er det lang ferie
(berre litt jobbing i romjula for å førebu veka etter nyttår).
Vi skal vere heime heile jula,
og det blir nok masse sosialt og kjekt saman med storfamilien.
Om kveldane skal eg kose meg med handarbeid og bøker og filmar.
Rett utanfor stovevindauget står denne fine grana pynta med lys.
.... Ser veldig koseleg ut når det er mørkt....
xxx
Det har vore kaldt i dag, minus 10 grader.
Eg likar ikkje så godt kulde, men likar den fine julestemninga ute no.
Eg ønsker alle kjende og ukjende lesarar ei
GOD OG FREDELEG JUL!!

08 desember 2009

Kristin Helene, finished!!

Desse sokkane var morosame å strikke.
Etter at eg hadde strikka ein halv sokk,
kunne eg strikke utan å sjå på mønsteret heile tida,
så då gjekk det bra raskt.
Mønster: frå boka "Mauds hjerte" av Ellinor Kvammen.
Nydeleg ver ute, mildt og fint!!

01 desember 2009

Sesongens første og kanskje største snømann...

Hans og Henning har laga denne snømannen i dag!!

Kristin Helene

Då eg var i Ålesund på laurdag, kjøpte eg sjølvsagt litt garn :-)
Austermann Royal
( 60% merinoull, 20 % polyamid, 10 % silke og 10 % kasmir)
er eit nytt og spanande garn for meg.
Du får litt luksusfølelse når du strikkar med dette garnet,
og det er ikkje å forakte!
Eg strikkar Kristin Helene-sokkar frå boka til Ronille (Ellinor Kvammen).

Ute er den første snøen komen.......

30 november 2009

Herleg lue og shopping

Endeleg har eg funne ein luemodell som alle kler (trur eg),
og som er kjekk og rask å strikke!!
Lua er strikka i Freestyle frå Dale, og mønsteret fann eg i Dalegarn tilbehør nr. 219.

Laurdag var eg med søstra mi og dei to døtrene hennar
til Moa og Ålesund.
Bildene på kollasjen er frå Lappestua på Moa,
ein flott butikk med både garn og stoff.....
Engleputa er det mønster på i ei julebok som kom ut i fjor.
(Julegleder av Tone Merete Stenkløv og Mirian Nilsen Morken)

22 november 2009

Om skjerf og årstider......

Eg er endeleg ferdig med "haustskjerfet" mitt som eg begynte på i vår ein gong.
Systra mi Lillemø var på besøk her i dag, så ho måtte trå til som modell.
Lillemø er VINTER i type, så oransj er kanskje ikkje den optimale fargen hennar,
men alt kler den smukke ;-)
Skjerfet er strikka i Daletta,
eit kjempefint og godt garn som er litt vanskeleg å få tak i,
her i alle fall.....
Eg fann mønsteret i Dale Tilbehør nr. 194.
Har strikka det samme flettemønsteret (utan ekstra/flette pinne)
før på sokkar.
På engelsk blir det kalla Yarn over cable.

20 november 2009

"Little Colonnade" by Stephen West

Endeleg har eg noko NYTT å vise fram på bloggen.
Eg har strikka Little Colonnade,
eit shawlette som er designa av Stephen West.
Garnet eg har brukt heiter Regia, Hand-dye Effect.
Brukte 60-70 gram av eit 100 grams nøste.
Det blei veldig tynt og lett, kanskje litt for lett....
Men fine fargar, og mønsteret var veldig kjekt, raskt og enkelt å strikke etter.


18 november 2009

Strikk i farger- grønt er skjønt!

Turen er komen til grønt.
Frå venstre: hue i eintråda alpakka frå DSA,
skjerf i tynn alpakka frå DSA,
fingervottar i Sisu og til slutt hals i Navia.
Fingervantane strikka eg for mange år sidan til nr. 3. Han ville ha samme vantar som Ash frå Pokemon-filmane. (Dei er grønare enn kva dei ser ut til på bildet over)

17 november 2009

Juniors eplekake

I dag kom nr. 3 heim med ei halv eplekake som han hadde laga på skulekjøkkenet.
Ei hyggeleg overrasking i kvardagen....
Kaka var veldig god, sjølv om den var laga med vatn i staden for mjølk.
Han som skulle ha den andre halvdelen av kaka, har nemleg mjølkeallergi.

Her er oppskrifta:

100 gram margarin
1 dl. mjølk
2 egg
1 kopp sukker
3 dl mjøl
2 ts bakepulver
1-2 eple
sukker og kanel

Smelt margarin og ha i mjølka. La det koke opp (pass på). Avkjøl.
Lag eggedosis av egg og sukker.
Slå mjølkeblandinga i eggedosisen og sikt på mjøl.
Rør forsiktig til du har fått i alt mjølet.
Pynt med eple-båtar, kanel og sukker.
180 grader C i ca. 45 min.

15 november 2009

Søndagtur i Fjæra

Nok ei veke er over. Det går fort fram mot jul no, og eg har begynt å tenke på julegåver. Har strikka ferdig eit skjerf som eg skal feste trådar på og vaske/blokke litt før visning.
Ha ei fin veke!

08 november 2009

November-søndag

Eg ser det er to veker sidan sist eg oppdaterte bloggen.
Eg strikkar litt kvar dag, men har ikkje noko ferdig å vise fram.
Sånn blir det vel når ein ikkje klarar å halde seg til eit prosjekt,
men vekslar mellom fleire.
Dei siste vekene har det vore fint haustver, så eg har vore på fjellet kvar søndag.
Herleg så lenge ein kan gå på føtene, og det er tørt og snøfritt,
synest eg!
Eg har laga ein kollasj av nokre av bildene som eg tok på turen i dag.

25 oktober 2009

Enkelt sjal

Eg har strikka "Simple Yet Effective Shawl", som det finst gratismønster på her.
Sjalet er strikka i Marks & Kattens Fame trend, farge nr. 651.

24 oktober 2009

Rosa


Fargen i oktober er rosa.
Eg har funne fram det eg har strikka/hekla i rosa, og som eg har her heime.
Rosa er ikkje den fargen eg har strikka mest i,
det seier seg sjølv med tanke på at eg har fire gutar og ingen jenter.
Under ser de eit teppe som eg hekla for om lag eit år sidan.
Det er laga i restar av tynt fleirfarga sokkegarn - nokre rosa innslag der.
Vidare eit hekla sjal i Silke-Tweed frå Drops, eit skjerf i Eskimo frå Drops og nokre hekla gryteklutar.