31 juli 2008

Glasbrikker og andre brikker....

Eg har lenge tenkt at eg skulle ha hekla/sydd nokre glasbrikker. Desse fann eg mønster på i eit hefte frå Gjestal (nr. 1012). Dei er enkle å hekle og praktiske i bruk.
Det blei ikkje gjort særleg handarbeid dei tre vekene eg var på ferie, berre litt småhekling.
Den grønne er hekla i Fiol, så den er litt tjukkare.
Her fekk eg lære både å hekle etter diagram og lage spindel....
Alle desse brikkene er ganske små. Dei runde er ca. 20 cm i diameter.
Til slutt to bilder tatt frå hagen i dag tidleg. Etter ei veke med sol og varme, er det overskya i dag, men fint likevel.

30 juli 2008

Lappeskap

I går var eg innom ein møbelbutikk for å kjøpe olje til hagestolane. Det var dei desverre utselde for, men sjå kva eg kom heim med i staden for (ferdig montert, til og med)!! På lappen sto det DVD/CD skap, men det må vere feil (!!).
No skal stoffbitane som eg har samla dei siste ti åra få kome fram i lyset og sleppe å ligge i plastboksar (utan å samle for mykje støv....)!!


29 juli 2008

Det går i hekling...

Eg har begynt på sommarsjalet, Noe Noa, som Bente B har laga mønster til. Prøver ut eit nytt garn som er laga av melk. Det er utruleg mjukt og kjempegodt å hekle med.
Eg er også godt i gang med Eva's sjal. Dette heklar eg i Silke-tweed frå Garnstudio. Eg hadde litt problem med det engelske mønsteret i begynnelsen, og måtte få hjelp av Lappetausa nok ein gong. Men når ein først kjem i gang, er det kjempeenkelt.... Blei inspirert her og her.

Sommar i Nordfjord

Utsikt mot Ålfoten.
Vi har hatt fem fantastiske dagar med sol, varme og skyfri himmel, og enno er det ikkje slutt!!
Etter å ha vore ute i "den store verda", set ein pris på lufta her heime. Det er herleg at det er varmt, men ikkje for varmt, og at det ikkje er høg luftfuktigheit og trykkjande, slik som austkysten av USA.
Torsdag gjekk vi Veten-Ossetra igjen, så fjellbilda er frå den turen.

Utsikt mot Gloppen.

22 juli 2008

Hobbyshopping i Statane


I Swansboro fann eg denne koselege garnbutikken. Garnet her var ganske eksklusivt og mykje av det importert frå Europa og Japan, så prisane var deretter (dvs. som heime).
Men mykje spanade å sjå...
I butikken hadde dei ein ferdigstrikka modell av Ballband Dishcloth. Den var strikka i dette garnet.
Flotte og ganske rimelege knappar.
Eg såg ingen Quitebutikkar på turen, men var inn i ein butikk som selde ferdige quiltar. Der kjøpte eg denne kit'en med alt du treng for å sy dette veggbildet til 125 kr.
Elles var eg innom ein kjempestor hobbybutikk med alt mogeleg av hobbyutstyr. Der kjøpte eg diverse småting. Alt var minst halv pris i forhold til her heime. Nokre få rullar med fat quarters blei det også der, berre 7 kr stk.

21 juli 2008

USA-ferie.

Det har vore stille på bloggen min nokre veker, men no er eg heime igjen etter tre fantastiske veker i USA. Eg har sjølvsagt tatt masse bilder, og her kjem ein liten smakebit av det vi såg og opplevde på ferieturen.
Vi var nesten to veker i New York. Budde hos slektningar på Long Island.
Central Park


Times Square
Det var uvant med alle lydane og det pulserande livet i New York, men vi opplevde NY som ein fin og trygg by å vere turist i.

Empire State Building
På veg sørover til North Carolina stoppa vi to netter i Washington D.C.
Her sit vi foran the White House.
Jernbanestasjonen i Washington er fantastisk flott!
Vi såg heile byen frå taket på ein turistbuss. Det er utruleg mykje å sjå i denne hovudstaden, veldig mange minnesmerker knytt opp til tidlegare presidentar og krigar. Her er Statsarkivet.
Swansboro i Norh Carolina er ein liten fiskeby ved kysten, der livet er heilt annleis enn i travle New York og historiske Washington D.C. Her hadde vi ei flott veke med båtliv og masse bading!

Rian, som er tremenningen til Bjørnar og Henning, prøver fiskelykken!