29 september 2009

Strømper til ein liten prins

Kusina mi har fått ein stor og flott gut, og i den anledning har eg strikka Mosters babystrømper frå boka Strikk til nøstebarn av K. Gregersen.
Strømpene er strikka i SISU frå Sandnesgarn.
I tillegg til alt regnet som vi har hatt her i aug./sept., er det blitt surt og kaldt ute no . Det har kome snø på fjelltoppane, og vi har starta vedfyringssesongen.

27 september 2009

Frå nytt og fint til gammalt og brukt

Eg var innom bloggen til Judith i dag, og då såg eg at ho oppfordra oss hobbybloggarar til å vise fram kva vi har strikka i dei ulike fargane. Fyrst ut er fargen oransje.
Dette syntest eg var ein morosam ide -
ikkje så dumt å ta eit lite tilbakeblikk av og til....
Det blei ikkje mykje å vise fram for meg. Oransje er ikkje blant mine favorittfargar, sjølv om eg synest at fargen kan vere kjempefin til små detaljar og til tilbehør.
For nokre år sidan strikka eg dette sokkeparet i oransje og koks.
Då syntest eg denne fargekombinasjonen var kjempefin.
Votteparet er strikka i Topp'n Tå. Ein frisk kombinasjon av oransje og cerise.


26 september 2009

Pulsvarmarar med flettebord

No er eg ferdig med pulsvarmarane som eg skreiv om i forrige innlegg.
Eg blei veldig fornøgd med dei.
Godt mønster og garnet (Sterk) er mjukt og herleg!
Brukte litt mindre enn 50 gram.
Denne fargen (818), er mindre lilla og meir rosa enn kva ein får inntrykk av på bildet.
Boka Strikk og bruk kjøpte eg hos Eid Miljø, men den kan også kjøpast her.
Ønsker alle ei fin helg!

22 september 2009

Pulsvarmarar

I helga var det messe her, og då vart det litt garnhandel,
både hos "En rød tråd" og "Eid Miljø".
Hos Reidun på Eid Miljø, kjøpte eg eit nytt og sterkare
(40% alpakka, 40% merinoull og 20% nylon) alpakkagarn frå DSA, som heiter Sterk.
Kjøpte også boka STRIKK og bruk.
Eg har begynt å strikke på desse pulsvarmarane,
som eg fann mønster på i boka.
Etterpå trur eg at eg vil strikke sokkane på bildet under.

19 september 2009

Mimouna-sjal

Dette sjalet begynte eg på i juli, strikka ferdig i august og blokka i september.
Eit lite og enkelt prosjekt. Litt keisamt å strikke, samanlikna med Ishbel og Damson, men resultatet blei veldig bra synest eg!
Brukte akkurat tre nøster med BabySilk frå DSA,
herleg garn!!.
Eg strikka eit slikt sjal i fjor også, men det gav eg vekk til bestemora mi.
Mønsteret sto i eit blad (Hendes Verden?) for lenge sidan... Eg fekk det av Mimouna, som har strikka mange eksemplar.
Fint ver i dag, til ei forandring!

12 september 2009

Hals i Navia

Hausten er her og det ausar ned utanfor.
Det er bra vi har mykje kjekt å finne på innandørs og.
Eg har strikka ein hals i Navia. Mønsteret er frå boka "Strikk til nøstebarn" av Kathrine Gregersen. Halsen er strikka i vokenstørelse, men passar til 5-åringen også.


08 september 2009

King Boo

I kveld fekk eg endeleg montert ferdig King Boo!!
For dei som ikkje spelar Nintendo, kan eg legge til at han er ein ond spøkelsekonge frå Super Mario-spela.........
Vel, eg fann gratismønster på både han og fleire figurar via Ravelry.
Sjølv om Kong Bø er laga til Minstemann, har eg merka ei viss interesse (ut over det eg er van med når det gjeld mine hobbysyslar) også blant dei eldre gutan mine....
(Augebryna blei kanskje litt vel kraftige, noko som ikkje gjorde han mindre skummel akkurat...men pytt...)
No står Mario himself for tur, så då er det berre å leite fram raudt og blått garn frå lageret!

05 september 2009

Milk & Honey

Eg har forskjellige småting som eg strikkar og heklar på for tida. Dette sjalet var det einaste som var ferdig og klart for blogging i dag ;-)
Det er mykje å gjere på skulen no om hausten,
så det blir ikkje så mykje tid til handarbeid -
men litt blir det no alltids tid til.....
Eit slikt sjal er raskt og enkelt å hekle.
Eg brukte 1 1/2 nøste med Milk & Honey frå Viking.
Garnet er 70 % bomull og 30% melk, og eg likar det veldig godt!!