30 mai 2011

Søt lita ugle

Då eg såg dei to uglene til Olavas verden,
måtte eg berre finne fram garn og begynne på ei eg og.
Synest dei er så søte!
Har som Olava brukt Bomull sport frå Gjestal og krok nr. 3

Ugla er ca. 14 cm utan snor/blome.
Mønster hos Fru Madsens.
P.S. No er øyrene også komne på plass.....

29 mai 2011

Mønster på hekla trekantsjal

Eg har fått spørsmål om mønster på sjal av halv bestemorsrute.
Det finst mange ulike måtar å hekle desse halve rutene/sjala på,
men eg skal prøve å lage ei forklaring
på korleis eg har gjer det.

Hekle 4 stavar (st), 2 luftmasker (lm) og 4 stavar i ringen.
(Første stav er tre luftmasker).
Snu arbeidet.
Hekle 3 lm, 3 st. i holrommet mellom 1. og 2. stav på forrige omgang,
1 lm, 3 st, 2 lm, 3 st, 1 lm, 3 st
( i holrommet mellom 3. og 4. stav frå forrige omg.),
1 dobbelstav (ds).
(For at kanten oppe ikkje skal bli stram, heklar eg ein dobbelstav til slutt,
i staden for den 4. staven).
Snu arbeidet.
Hekle 3 lm, 3 st ( i holrommet mellom 3 lm og 3 st frå forrige omgang),
1 lm, 3 st, 1 lm, 3 st, 2 lm, 3 st, 1 lm, 3 st, 1 lm, 3 st
( i holrommet mellom 3 st og 1 ds frå forrige omg.), 1 ds.

Hald fram på denne måten til sjalet er så stort som du vil ha det.

NB! Viss kanten oppe blir for stram, gå over til å hekle 4 lm i staden for 3 i begynnelsen av kvar omg. i tillegg til den dobbelstaven.
Hilde - Strikkemor(o)

(Viss du oppdagar feil i dette mønsteret, er eg glad for å få beskjed om det).Dette sjalet er hekla i Austermann Royal, 150 gram. Krok nr. 4,5.

24 mai 2011

Here we go again.....

Eg er nesten bra i arma mi no, men ikkje heilt.
Det går betre å hekle enn å strikke,
difor blir det mange sjal.
Det er greit med noko som går av seg sjølv,
når ein skal slappe av......
Muffins halstørkle i Milk & Honey frå Viking.
og Halv oldemorsrute i Kitten Mohair frå Sandnes.
Begge sjala er hekla av garn frå lageret mitt,
det har gått med ca 100 gram pr. sjal.

18 mai 2011

Sommarleg trekantveske

Denne trekantveska har visst ikkje blitt blogga.
Fekk knipsa nokre bilder i full fart før den blei gitt vekk til mora mi.
Trur eg må skaffe meg ein sånn "fotovegg" som Timotei har.
Les om hennar fototips her.
No merkar eg at eg vil ha tilbake det flotte veret,
som vi hadde før 17. mai langhelga.
Er sultefora på sol og varme!!
Rema-roser innkjøpt til 17. mai
(... i litt for god tid, for dei var ganske visna då dagen kom...).

17 mai 2011

17. mai

Gratulerer med dagen!
***
Vi har hatt ein fin 17. mai,
sjølv om veret ikkje har vore det beste her på Vestlandet.

Vi blei inviteret både på middag og i kaffiselskap i dag.
***
I kaffiselskapet fekk eg hekla ferdig, festa trådar
og fotografert dette vesle sjalet.
Måtte nytte høvet når eg hadde modell tilgjengeleg.
***
Eg veit dette begynner å bli keisamt.
Har mista oversikta over kor mange sånne sjal eg har hekla no,
og dette blir nok ikkje det siste.....
Men å hekle desse sjala er berre så enkelt (brainless)
og avslappande!!
Garn: Dale Royal Alpakka, 2 nøster a 50 gram.
grårosa farge.
Heklekrok: nr. 5.
Mønster: Halv oldemorstute,
med ein taggekant rundt to sider av trekanten.
Dette garnet fekk eg lyst til å lage fleire ting av.
Herleg å jobbe med, og resultatet blei veldig mjukt og fyldig.

15 mai 2011

Lappestua i Ålesund

I går var eg ein tur til Ålesund
saman med systra mi og Minstemann.
Det var ein stor handledag på Moa, masse folk!!
På Lappestua der tok eg desse bildene
av AnnaKa-modellar som dei har sydd.
Synest sommarfugl-løparen deira er veldig sommarleg og fin!


13 mai 2011

Sjal i alpakka

Eg har visst gløymt å blogge dette sjalet som var ferdig sist helg.
Det er hekla i eit herleg alpakkagarn,
La Cancha Alpakka frå Karlsen Import.
Sjalet er hekla som ei halv oldemorsrute.
Krok nr. 4,5.

Lita veske

Denne veka har eg sydd noko morosamt,
nemleg veske til digibokspelaren min.
Eg kjøpte eit mønster med tre stryke-på-mønster av Siv på Lappestua.
Veldig enkelt og raskt!
Berre å stryke mønsteret til baksida av eit stoff,
brette og sy etter oppstreka linjer.
Eg sydde på trykknapp etterpå.

Veska har to bur
Veska kan også brukast til mobil og liknande.

09 mai 2011

Pose til Beyblade

Her får vi orden på guteleikane.....
Har sydd ein pose som er litt mindre enn dei to andre.
Stoffet har eg hatt i mange år,
så det var kjekt endeleg å få bruke det til noko.

06 mai 2011

Trekantveske til Pokemon

Minstemann trengde ein pose til å ha
pokemonfigurane sine i.
Han valde dette fotballstoffet.

Denne posen gjekk det utruleg mykje fortare å sy enn den første.
Mønster: Vanella
Fotballstoff: Lappestua Eid
Ha ei god helg!

Trekantveske

Denne veka har eg sydd ein trekantpose.
Kjøpte mønster av Vanella på Epla for nokre veker sidan.Posen er sydd slik at at der ikkje er sårkantar i foret,
anna enn saumen i vrengeopninga, som ein må sy til for hand.
Posen er rask å sy når ein først har forstått framgansmåten.
Den er fora med bordvatt,
sjølv om det ikkje ser slik ut når vårsola skin rett igjennom.
"Happyknitting"-merket måtte eg sy på over ei rift i stoffet,
som eg fekk etter litt uvøren bruk av oppsprettaren :-D


02 mai 2011

Give-Away hos Tone

Eg var innom bloggen til Tone's hekle & strikkerier i dag.
Ho har Give-Away og gir vekk ei fin hekla brikke med skrifta Kake på.
Eg hekla også denne brikka
(og ei med skrifta Brød på) for fleire år sidan.
Likar dei kjempegodt,
men mine har fått nokre stygge flekkar som eg har problem med å få vekk.
Trur det er egg eller feitt.
Nokon som har eit godt tips?

01 mai 2011

Hekla sjal

Denne veka har eg hekla to nye sjal.
Dei er hekla i Faerytale (100% alpakka) frå DSA.
Det øvste er hekla av 50 gram handfarga Faerytale,
og det det blå av to nøster vanleg.
Eg synest dette garnet passar utruleg godt til skjerf og sjal.
Det er veldig mjukt og godt å ha rundt hals og nakke!
Begge sjala er hekla som ei halv bestemorsrute.
Heklekrok nr. 5,5.

Bok nr. 16 og 17

Bok nr. 16 og 17 har eg "lese" som lydbøker.
Det er ein annan leseoppleving enn å lese boka sjølv.
Eg har ikkje vore så flink med lydbøker før.
Eg har hatt litt problem med å konsentrere meg om dei,
tankane begynner lett å fly i andre retningar.
Men no har eg prøvd å øve opp dette.
Jeg forbanner tidens elv av Per Petterson
har eg høyrt på vanleg CD-spelar,
og difor har det tatt utruleg lang tid (heile vinteren faktisk),
sjølv om boka berre er på 5 timar ca.
Boka er heller ikkje så utruleg spanande at det gjer noko,
men godt skriven og godt lese av forfattaren sjølv.
***
Før påske kjøpte eg meg Kibano digibok-spelar hos Libris.
Det er ein lydbokavlesar for digibøker.
Bøkene er små kort som ein festar på baksida med magnet.
Ein snedig liten sak, som eg likar veldig godt.
Systra mi og fleire av kollegaene mine har også kjøpt seg,
så no skal vi bytelåne bøker med kvarandre.
Den første boka eg har høyrt på spelaren min er Tyskerungen .
Det er ei tjukk bok, som det tok over 18 timar å høyre.
Så påskeferien gjekk med til den boka.
For nokre månader sidan meldte eg meg inn i Bokklubben Nye Bøker. Det var litt for å følgje med på nye bøker som kjem ut. Tanken var vel å avbestille dei fleste bøkene, men det har vist seg ikkje å vere så lett. De udødelige av Ketil Bjørnstad tenkte eg ville vere ei fin bursdagsgåve til mora mi. Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant av Jonas Jonasson, fekk mannen min veldig lyst på ,og no kjem altså ei ny bok av Kate Morton .............