23 februar 2014

Hekla sjal

 I vinterferien har eg fått sortert og rydda litt i garnelageret mitt.
Det er ganske stort, så det må nok miniserast noko,
for å seie det pent :D
Eg synest det er greit med enkle prosjekt for tida.
Har difor hekla eit par sjal, som er veldig raske å lage.
 Det til venstre er hekla i Lerke frå Dale (2,5 nøste),
 og det til høgre i Faerytail frå DSA (2 nøster).
Har brukt krok nr. 5 på desse to.

16 februar 2014

Ribbon Afghan

Det gjekk forbausande fort å hekle dette pleddet.
Det er 160 cm langt og veg 1,5 kg.  
Det vil seie at eg har brukt ca. 30 nøster med sportsgarn.
 Eg har garn til fleire, så kanskje eg begynner på eit til.  
Hunden vår Max (som vanlegvis ikkje får lov til å ligge i sofaen :),
viser teppet i bruk.....før det blei lagt i vaskemaskina.....

Svingete løpar og OL-lue


Denne løparen har vore ferdig ei stund no.  
Eg sydde den i fjor vår, 
men fekk ikkje gjort den heilt ferdig før i januar i år.
Sydde stripesett og brukte "slipslinjal".  Artig!

Og så har eg hekla ei OL-lue. 
Brukte mønsteret til Ullkurven.
Dobbel babyull frå Dale og krok nr. 4.

06 februar 2014

Hekla teppe

 Det går i hekling for tida. 
 Har begynt på eit nytt teppe/pledd i sportsgarn 
som Smart, Falk, Heilo og Pt5 sport 
Brukar små og store restar frå lageret.  
Har satsa på blå og grønne fargar
pluss litt rødt og lyst.
Mykje av garnet har eg hatt veldig lenge,
så det er kjekt å få brukt litt.
Dette garnet er tungt for meg å strikke av,
så difor hekling.
Mønsteret fann eg på Ravelry.
Det heiter Ribbon Afghan.
Det er veldig enkelt.
Ti fastmasker, ti stavar fram og tilbake i ein farge.
Så ti stavar, ti fastmasker fram og tilbake i ny farge.
Har ei luftmaske mellom overgangane.