28 september 2011

Onsdagsoppdatering

Eg ser rundt om på bloggane at det er mange som strikkar sokkar for tida.
Eg held meg til enkle variantar slik at det skal gå fort,
og eg får slanka mitt rikhaldige garnlager :D
Desse sokkane er strikka i Regia på pinne nr. 2,5.
Mønster: Har til ein forandring strikka 3 rette, 1 vrang.
Var innom ein garnbutikk i dag
og fekk med meg dei siste katalogane til Pt design.
Ser at dei har hatt ein liten ansiktsløfting på katalogane sine.
Det gjorde seg!
Bok nr. 18
Det har blitt lite lesing på meg dei siste månedane,
i alle fall når det gjeld skjønnlitteratur.
Denne boka begynte eg på i sommar og har hatt den med både hit og dit.
No er eg endeleg ferdig med den (jippi!!).
Dette er den tredje boka eg har lese av Kate Morton.
Er litt usikker på kva eg meiner om den, ingen pageturner i alle fall.
Men godt skriven og kjekk å lese for dei som likar gamle slott,
og koselege engelske mysterium frå gamle dagar.
Har lånt vekk boka allereie, men trur den er på ca. 650 sider.

23 september 2011

Tjukke sokkar

Denne veka har eg strikka desse sokkane i eit tjukt garn
(150 grams nøste) frå Järbo Garn.
La opp 44 masker på pinne 3,5.
Passar str. 37-38.
Fargen på bildet her er ikkje heilt rett.
Lillafargen er altfor blå.

I går kom endeleg den siste boka
til Arne & Carlos frå Hobbyklubben.
Om og når eg kjem til å lage noko frå denne boka, veit eg ikkje.
Men den er absolutt eit must for oss som samlar på hobbybøker!
Veldig proff og mykje fin design!!!
Det skal bli spanande å sjå om desse dukkene
blir like populære som fjorårets julekuler.

16 september 2011

Raglangenser i Smart

Denne genseren til Minstemann begynte eg på i fjor haust.
Det blei full strikkestopp pga. senebetennelse rundt juletider,
men no er genseren endeleg ferdig.
Måtte vaske og strekke den litt for at den skulle vere stor nok.
Garn: Smart frå Sandnes
Mønster fann eg i dette Sandnesheftet.
Design: Lene Holme Samsøe.
Ikkje lett å få tatt bilde av denne tullebukken :D

15 september 2011

Tubehals

Noko som eg likar med hausten,
er alle dei nye bøkene som kjem ut!
Ikkje minst likar eg hobbybøker,
og eg må innrømme at eg allereie har kjøpt opptil fleire nye.....
Men er ein samlar, så er ein samlar,
berre sjå på hobbybokhylla mi :D
Der er ikkje plass til så mange fleire,
(sjølv om eg har "fjernlagra" dei som eg kan klare med utan),
..... så eg skal prøve å bli kvitt nokre på eplabutikken min, trur eg .....
LUNE MASKER er ei nydeleg bok
med mange fine og stemningsfulle bilder frå Kjerringøy.
Eg kjøpte denne boka mest for bildene si skyld,
og fordi eg er svak for strikka tilbehør.
Småplagga i denne boka er veldig enkle.
Det første eg har strikka frå boka er ein tubehals i falsk patent.

Den blei ganske vid,
men det er greit for eg har ingen sånne frå før av.
Så eg trur eg er fornøgd :-)
Fargen er i alle fall nydeleg!
Litt vanskeleg å sjå ut frå bildet i boka korleis halsen blir,
sidan den ikkje blir vist på modell (ingen av plagga er det).
Garnet eg har brukt. 100 gram av kvar.

05 september 2011

Låvemesse

I helga gjennomførte Nordfjord Lappe & Quilteklubb
ei vellukka låvemesse!

Ingun (Primula Design) stilte med butikk,
og ho hadde som alltid mange fine stoff
og nye spanande mønster å by på!
Vinkyrne til Haldis passa godt inn i dette miljøet!

01 september 2011

September

Den første haustmånaden er her allereie, hm....
Nydeleg dag på Vestlandet i dag (og i går).
Kunne ha sagt mykje om veret denne sommaren,
men det hjelper ikkje å klage...
Får heller nyte den fine utsikta frå hagen min i dag :-)