30 september 2008

Skjerf i babylama

Eg har begynt å stikke igjen, og no går det bra med hensyn til armane :-)
Ser at det er over tre månedar sidan eg sist kunne vise fram eit ferdig strikka produkt, så no var det jammen på tide. Må jo leve opp til bloggnamnet mitt.......
Skjerfet er strikka i Miski, som er eit supermjukt garn i babylama.
Dette er ikkje meg (dessverre..), men eit bilde henta frå heftet som eg fann mønseteret i.
Eg droppa blomsten, synest ikkje det var noko fint.....

26 september 2008

Have a nice weekend!!

Eg må berre vise fram "kjøkkentinga"
som eg kjøpte i London for to veker sidan.
Blei inspirert av innlegget til kusina mi,
Solveig, der ho viser fram kva ho kjøpte i Roma i sommar!
Dette (minus brett og heklabrikke) kjøpte eg i ein liten te/suvenirbutikk i Oxford street. Alt er av merket "Whittard of Chelsea".

22 september 2008

Hausttur i Stigedalen

Vi har hatt kjempefint haustver så langt!
I går gjekk vi på tur i Stigedalen igjen, og Henning måtte sjølvsagt ha med seg Sonic-ballongen som han fekk på Eidamessa. Her sit han saman med eit av dei mange trolla som ein av hytteeigarane har pynta gjerdet sitt med. Trolla er støypt i sement og malt. No er malinga litt avflassa, men dei er fortsatt eit flott syn!

Det er flott natur i Stigedalen.

20 september 2008

Eidamesse

Denne helga er det messe i bygda, og det betyr mange gode tilbod i butikkane.
På Notabene sel dei hobbybøker for 49 kr. stk. Eg kjøpte desse tre!
Hos Siv på Lappestua, ein annan fin quiltebutikk her med stort utval av mønster og bøker, kjøpte eg dette fine veskemønsteret pluss fire stoffbitar til 15 kr stk.

17 september 2008

Julekalender

Det blei mykje shopping og butikkar på meg i London, så i dag hadde eg litt abstinens og måtte handle litt igjen :-)
Eg var innom Ingun på Primula, som av visse forståsegpåarar er kåra til den beste quiltebutikken mellom Bergen og Ålesund (kanskje Trondheim).
Eg MÅTTE berre ha dette nye mønsteret til AnnAKa og fire av originalstoffa som er brukt.
Eg gler meg verkeleg til å begynne på denne koselege kalendaren, og håper at eg skal bli ferdig til førstkomande jul. Eg har jo meldt meg på syalong på juletreteppet til AnnAKa og, så vi får sjå.
Veska som alt ligg i kjøpte eg på Europris for 20 kr!!

16 september 2008

Londontur

Vi er vel heime igjen etter ei fin helg i London saman med Strikkefar sine kollegaer med fruer.
Vi flaug frå nydeleg ver her heime, men det var fint ver i London og, heldigvis.
Laurdag var vi i Notting Hill/ Portobello Road og såg på laurdagsmarknaden. Kjempemykje å sjå og masse folk. Likevel var det veldig roleg og fin atmosfære der. Koselege og fargerike hus. I det grønne huset budde George Orwell.
"Books for Cooks", ein koseleg liten bokhandel som sel berre kokebøker.
I enden av butikken var der ein liten kafe med mykje god mat!
Mykje å få kjøpt på marknaden av gammalt og nytt. Etter Notting Hill filmen med Hugh Grant, er det blitt meir trendy og dyrare der, visst nok..

Handverk. Gode tips for oss lærarar.
Litt sightseeing blei det også tid til. Det er 23 år sidan sist eg var i London, så "London Eye" var nytt for meg.
Big Ben er vel obligatorisk.


Cheers London i Regent street, ein av dei mange tusen pubane i London.

Litt handling blei det sjølvsagt også. I Portobello Road kjøpte eg meg ei ny storkesaks (til venstre) , litt meir ekte modell produsert av DMC. Elles låg hotellet vårt rett ved Oxford Street, så det mangla ikkje på butikkar i nærleiken.

10 september 2008

Fake storkesaks og nytt sjal

Heilt sidan eg fekk sett og prøvd Lappetausa si nydelege "storkesaks" kjøpt i Madrid i sommar, har eg hatt lyst på ei slik ei. Lita og hendig å ha med seg til handsaum t.d. I dag var eg innom garnavdelinga til Mega, og der hadde dei jammen fått inn slike sakser, dog i ein litt billegare kvalitet. Men den funkar og kosta berre 37 kr!
Dette sjalet vart eg ferdig med for litt sidan. Samme mønster som det lilla, men hekla i Mirasol alpakka, eit herleg og bortimot kløfritt akpakkagarn. Brukte 100 gram.

08 september 2008

Nåleputer

I går fekk eg sydd litt igjen. Det er forresten ikkje mange saumane, men likevel....
Denne nåleputa er satt saman av fire sirklar som er stappa med vatt og putta inn i kvarandre. Kjekk og enkel å lage. Mønster i "Træd nålen".
Her har eg lage ein mindre og enklare modell med tanke på tekstilformingstimane på skulen.

Eg vil verkeleg anbefale desse danske bøkene til Anne-Pia Godske Rasmussen, særleg "Træd nålen" og "Tag tråden opp". Eg har samla nokre år, og er komen opp i sju bøker. Den første kjøpte eg på ferie i Danmark i 2002.
Eg kom på ,etter at eg hadde laga dette innlegget, at eg har ei bok til av denne forfattaren. Det er den siste som heiter "Hånd i hanke", også ei kjempefin bok! Dermed blir det åtte bøker :)

07 september 2008

Det er snart jul, eller ikkje............

No føler eg at eg ligg godt an i høve årets julegåver! Svigerforeldrene mine reiser nemleg nordover i morgon, så då må vi nytte høvet og sende med julegåver til familien "der oppe".
Om nokre dagar reiser Strikkefar og eg til London ein tur, så då blir det kanskje meir handel?? ...Ikkje det at eg har handla så mange av desse gåvene. Må innrømme at dei fleste er heimelaga.....

Roser

I går kom svigermor med desse nydelege rosene frå hagen sin. Kanskje nokon veit kva dei heiter? Dei luktar i alle fall utruleg godt!

06 september 2008

Nålebok


Heile familien har vore sjuke i tur og orden dei siste tre vekene. Vi har hatt feber, sår hals, hoste osv. Dei siste dagane har det vore min tur. I dag var eg ikkje i form til husarbeid, turgåing eller noko, så det blei stillesittande aktivitet. Men...... i staden for å lese ei bok, har eg sydd ei bok.
Denne nåleboka har eg hatt lyst til å sy lenge. Mønsteret er frå ei av dei mange flotte bøkene til Anne-Pia Godske Rasmussen. Eg hadde lyst til å bli ferdig i dag, så det gjekk litt fort i svingane, og eg kunne sikkert ha vore meir nøyaktig, men.......
Når boka er igjen, måler ho 12 x 12 cm. Eg kjem nok til å lage flerie sånne.

05 september 2008

Haustleg fredagskveld

Plutseleg vart det haustleg ute, men i morgon skal det visst bli kjempefint ver.....

03 september 2008

Bursdagsfeiring

I dag har det vore bursdagsfeiring igjen i familien. I tillegg til mine eigne fire barn, er eg tante til sju andre barn/ungdommar som bur i nærleiken her, så det seier seg sjølv at det blir nokre barneselskap i løpet av eit år! I dag var det det minste tantebarnet mitt som jubilerte og vart heile åtte år. Eg begynte å strikke på bursdagsgåva hennar i vår, men så blei det full stopp med strikking med meg, så den vart dessverre ikkje ferdig. Får håpe den kan bli julegåve i staden for. Men eit lite heklaskjerf blei gjort ferdig no på tampen. Det er hekla i Tuva frå Europris, og vart mjukt og godt (og kløfritt...) Eg brukte eit mønster som eg fann i Dalegarn -mini- nr. 192.