17 desember 2007

Bursdag i huset!

I dag har nr. 2 bursdag og fyller 17 år! Eg hugsar godt då han blei født, det gjekk nemleg veldig fort og greitt! Guten på 4,5 kilo og 54 cm kom berre ein time etter at eg spaserte inn på fødeavdelinga! No er han ein stor kar på 1,95 meter! I kveld hadde vi berre ei lita feiring saman med dei fire besteforeldrene, men det blir nok meir feiring til helga!
Veret dei siste vekene har vore skiftande. Nokre dagar med kulde, så mildare ver og kulde igjen. Men ingen snø, så det spørst om det blir tur til setra i jula i år og! Desse to bildene er frå søndagsturen i går. Mange grøne innslag i skog og mark! I dag er det kaldare igjen.

Today my second son is 17 years old! We have been celebrating with his four grandparents.

7 kommentarer:

Elin sa...

Gratulerer med dagen i huset. Eg visssste det var nokon som hadde gjebus i dag... og takk for hjelpa!

Besta sa...

Hugsar godt den dagen HP vart fødd! Og eg tenkte på han i går, utan at eg kom så langt at eg sende gratulasjon. Synest at Minstemann er nokså lik HP; skal tru om han blir like stor?

Anonym sa...

Heisann. Gratulerer med nr.2. Jau maskin vart det uten eg ante noke, men hadde fryktelig lyst på den hos Primula da.... Men pysj trur denne er meir enn god nok :)
Ronille

Timotei sa...

Gratulerer med bursdagen til sønnen!
Pussig når det er så grønt midt på vinteren ja! Vi ønsker oss snø! Her er det bare is og i dag kom regnet også...

margrete sa...

Eg hugsar godt første gong eg såg HP - du rufsa til sveisen hans fordi du sa han likna på Quisling når håret låg flatt.

Marie sa...

Gratulerer med vel overstått til 17åringen!

Sonen vår blir 23 i dag! Han er ein stor kar på 198cm idag. Han var også 54cm då han blei fødd, men han vog "berre" 3820g.

Ha ein fin dag :)

Timotei sa...

Hei igjen!
Stikker bare innom for å ønske deg GOD JUL og GODT NYTTÅR! Gleder meg til å følge med videre på bloggen din neste år også. Henter masse inspirasjon fra deg!
Julehilsen fra Rannveig