30 mai 2013

Rosa løpar

 Eg har sydd ein veldig rosa løpar. 
Dei fleste av desse stoffa har eg hatt i mange år. 
Fem av dei fekk eg i gåve av ei kusine av mannen min,
som bur i New York.
Vi var på søskenbarntreff på Sørlandet i 2004,
og då kom ho med ei skoeske full av
 Fat Quarters i alle regnbuens fargar. 
Utruleg kjekk gåve å få!!
Eg er i utgangspunktet ikkje så sprek i fargevalet,
 men det er kjekt å utfordre seg sjølv av og til!

 

28 mai 2013

Nesten sommar

 Nokre stemningsbilete frå hagen.
Vi har hatt mange fine dagar dei siste vekene.
Endeleg kom våren for fullt, og sommaren er like rundt hjørnet.
Eg har handla plantar og "Strikkefar" har fått dei i krukker. 
 Ikkje så mykje planting i bed denne sommaren på grunn av kvalpen vår :D


 

 Litt garnslanking har det blitt. 
 Dette sjalet er hekla i eit litt grovt silkegarn.
Og teppet frå innlegget under er heilt ferdig. 
Det er hekla i Finull og Pt 2, for det meste.
Rutene hekla eg for eit års tid sidan. 
 Greit å få dei hekla saman til eit teppe,
sjølv om også dette teppet eigentleg var tenkt å bli større.
Men betre lite og ferdig enn stort og uferdig!!
 

19 mai 2013

Pinsehelga


Eg må innrømme eg er blitt litt smitta av linjaldilla eg og....
Før 17. mai fekk eg låne nokre "slipslinjalar"
(Circle wedge ruler).
Eg hadde besøk av Elin (Lappetausa), og vi prøva og feila.
Først begynte eg på ein svingete løpar
 (som ikkje er ferdig enno).
Etterpå sydde eg denne enkle, superraske 17. mai løparen,
 som kanskje kan brukast som ein litt maritim duk også ?
Kjekt å lage noko som blir ferdig på ein kveld
av og til.....
Litt gjenbruk blei det også.
Lukkekanten er sydd av ei gammal gardinkappe!
 Vi har hatt nydeleg ver sidan 17. mai. 
Særleg dei to siste dagane har det vore veldig varmt og flott ver. 
Endeleg kom våren og vel så det!
 Ufo-teppe nr. to er snart ferdig. 
Dette pleddet er hekla i Finull og Pt 2 (for det meste).
Eg har hekla saman lappane,
 hekla kant rundt og held no på å feste dei siste trådane.
Tok det med ut til naustet då vi var der
og beundra solnedgangen i halv ti-tida i kveld.

Max er blitt stor,
 men han ser kanskje ekstra stor ut på dette bildet :D

13 mai 2013

Hekla pledd


Eg har ein del halvferdige pledd liggande.
No har eg hekla saman desse oldemorsrutene
til eit kvadratisk pledd.
Pleddet skulle eigentleg bli ein del større,
men eg orka rett og slett ikkje meir.
Garnet var tynt og glatt og kroken liten.....
Men resultatet blei greit nok det.
Kjekt med pledd i ulike storleikar.
Neste gong eg skal hekle med tynn alpakka,
 skal eg bruke dobbelt garn!!
***
Garn:  Restar av Drops alpakka og DSA tynn alpakka.
Krok:  nr. 3.
 

09 mai 2013

Oslotur

 I slutten av april var eg ein liten tur til Oslo.
Hovudmålet for turen var konsert med Bruce Springsteen,
 men det blei tid til eit lite besøk hos Kathrines Quiltestue også. 
Dette er mitt første besøk på denne flotte butikken.
 Eg såg på facebook om morgonen at butikken var stengt
til klokka tre på grunn av sjukdom.
 Kjekt at den opna klokka tre i alle fall,
 så eg fekk ein liten titt, før middag og konsert.