29 mars 2011

Tildas Atelier

I går kom den nye Tildaboka i posten.
Impulskjøp på nettet. ..... igjen :-)
Det er verkeleg ei vakker bok
med mange fine bilder og idear,
men om eg kjem til å lage noko frå den vil vise seg.
Men eg blar ofte i hobbybøkene mine
og kosar meg med dei,
så det er vel eigentleg ikkje så viktig
om det blir laga så mykje.....
Roman nr. 13 tok si tid å lese ferdig.
563 sider til med Knausgård sitt liv.
Han skriv veldig godt,
så eg kjem nok til å lese nr. 3 snart også.

27 mars 2011

Påskestrikk

Måtte prøve å strikke litt
for å sjå korleis armen fungerer.
Det gjekk greit å strikke dette påske-egget,
men det blir nok med dette eine førebels,
kjenner eg......
Det kvite garnet er Lerke.
Elles har eg brukt
litt Svale og litt Gjestal bomull sport.

Mønster i dette fine heftet frå Dale.
Arne & Carlos har designa både påskekuler og egg.

25 mars 2011

Chicken Stitchery

Dette bildet begynte eg på for mange år sidan.
Det har vore halvferdig like lenge,
men no tok eg meg saman og gjorde det ferdig!!!
Det er ikkje så stort, men det tar litt tid likevel.
Mange små detaljar.....
Synest motivet er veldig koseleg
og jordfargane fine.
Mønsteret er frå Bareroots.
Sidan eg ikkje har funne beslag som passar,
har eg sett det inn i ei A4-ramme
i staden for.
Svanebileta blei tatt tidlegare i veka,
før det siste snøfallet....

21 mars 2011

Bakstekledet ferdig!

I går fekk eg endeleg sydd ferdig dette bakstekledet,
som eg fekk stoff og mønster til i julegåve frå Lappetausa.
Kjekt å brodere, og kjekt å sy saman!
(Mønster og stoff er kjøpt hos Northern Quilts).

17 mars 2011

I Påskemodus

Lysta til å lage påskepynt kom tidleg i år.
Det er lenge sidan eg begynte å studere blad og bøker
for å finne insirasjon.
Dette hjartet med påskehare på,
sydde eg i full fart i går kveld.
Eg brukte det som modell i tekstiltimane i 6. klasse i dag.
Mønster frå denne Tilda-boka.

13 mars 2011

Husmannskatt

Dei to nye mønstrene til AnnAKa er veldig fine, synest eg.
Eg har begynt å brodere stitcheryet
som føl med "Husmannsplass".
Kjempefint og koseleg motiv i fine brun-og grønfargar!
Og så har eg baka "Stor bedehuskake" frå boka Ta kaka.
Ikkje akkurat lavkarbo.........

12 mars 2011

Bok nr. 12

Dette er ei god historie som minner meg om "Røtter".
Handlinga går føre seg både i Afrika, Amerika og England.
Les meir om boka her og her.
Ut på ettermiddagen i dag såg vi sola i hagen for første gong i år.
Herleg, sjølv om det ikkje var lenge det varte!
Berre eg latar opp verandadøra,
kjem svanene symjande i håp om å få litt mat.
Det er ikkje så mange vekene før dei flyr til Sibir, visst nok.
Dette er første året dei har gitt seg til så lenge her i elva,
og det har vore koseleg!!

10 mars 2011

Riksteateret

I kveld var eg og såg "Evig Ung" .
Gå inn på linken og sjå videoklipp!
Synest stykket var utruleg bra!!

08 mars 2011

Feit kvinne-dag....

Sidan eg er den einaste i huset som likar rømmegraut,
blei dette løysinga i dag.
Enkelt og godt!
Rosa fekk eg på Rema 1000!!
Fekk kokebok i posten i dag!
Den ser veldig kjekk og fin ut,
og inneheld
oppskrifter på alt frå frukost til kvelds.
Feitt er bra! Sukker fy!
Steinalderkost er tingen!
Har litt tru på dette opplegget.....
Dette er ikkje pasta men Coleslaw.
Middelhavssalat
Blanda salat med kylling.
Fint å ha med i matboksen....
.....apropos matbok.....
Eg fekk desse fire matboksane også i posten i dag.
Såg dei på denne bloggen for nokre dagar sidan.