17 november 2007

Heklekrokar frå Danmark

I går kom det fleire heklekrokar frå BendixGarn i Danmark. Nettbutikken skal avviklast snart, så eg måtte skynde meg å bestille nokre nye super heklekrokar av typen Clover Soft Touch. Eg hadde tre frå før som eg kjøpte i sommar. Tre nye no til berre 125 kr. pluss porto 10,50.
Mannfolka her i huset (alle fem!), synest nok eg er litt rar som driv og fotograferar alt mogeleg (som til dømes heklekrokane mine). I går då eg heldt på å fotograferte heklekrokane mine, kom minstemann med filmen sin som han hadde fått, og forlangte at eg skulle ta bilde av den........

2 kommentarer:

ortentrovag sa...

Du får helse mintemann å seie at det er kjekt å sjå kva han er interessert i. Eg slit litt med å vite kva dei tre minste gutane i slekta er interesserte i. Håkon såg Toy Story kvar dag etter barnehagen på same alder (medan eg var gravid og sov middag). Olaug såg aldri ein teiknefilm. Først i 4-årsalderen viste ho interesse for TV-en, Sydenliv.

Ronille sa...

Heisann. Morsomt med den fotograferinga, eg har en skokk naboungar som lurer felt på kva dinna galne dama driver og tar bilde av, nisser, kluter, sokker osv.. Tek helst bilde ute i dagslys :) Jau det var vatnet som gjekk med meg også, låg rett ut i over 1 veke på Åse på Bricanyl, Minsten har ei lett CP skade etter fødselen, men klarer seg heldigvis bra ser det ut til :) Ha ei flott veke :)