30 november 2010

Lue og luehals

Eg har strikka ei til av denne lua i Freestyle frå Dale.
Det er i alle fall den 5. eg har strikka etter dette mønsteret.
Men alle er gitt vekk eller selde, så eg måtte strikke ei til meg sjølv.
Eg brukar litt over 2 nøster til ei slik lue.
Mønster:
Legg opp 88 m på pinne nr. 4. Strikk 2 r og 2 vr i 8-9 cm.
Auk ein r i alle r felt og 1 vr i alle vr felt, slik at du har 132 m.
3 r 3 vr i 3 omg. Strikk så 1 vr. 3 r. 3 vr... i 3 omg.
Fortset med å forskyve ei maske for kvar 3. omg. til arb. måler 23 cm.
Felling: Strikk 2 vr saman i kvart vr felt. Strikk 3 omg. utan felling.
Strikk 2 r saman i kvart r felt. Strikk 3 omg. utan felling.
Strikk 2 vr saman i kvart vr felt. Strikk 3 omg. utan felling.
Fortset slik til det er 44 m igjen. Strikk to og to masker saman. Ein omg. utan felling.
Strikk to og to masker saman til 11 m. Trekk tråden gjennom dei siste maskene.

Luehals i Iris frå Rauma.
2 nøster med Iris og pinne nr. 9
Mønster: Legg opp 42 m på pinne 9 med dobbel tråd.
Strikk 2 rett og 2 vrang til garnet er nesten brukt opp. Fell av og sy saman.

26 november 2010

Bok av bloggen

Timotei var den som var først ute (av dei eg "kjenner")
til å få laga bøker av bloggen sin.
Eg tende verkeleg på den idéen,
og var ikkje sein om å sende avgarde bestilling på ein årgang.
Eg valde 2008, og ville sjå korleis boka blei før eg bestilt resten.
Gløymde å få trykt årstalet på framsida,
men elles er eg godt fornøgd!

23 november 2010

Holiday gift store

No har Ysolda opna julegåvebutikk,
der ho sel pakkar med garn og mønster.
Eg fall for freisinga, kva med deg?
xxx
Trur forresten eg ønskjer meg bøkene hennar,
sjølv om eg har mange av mønstrene frå før av.
Litt kjekt å ha dei samla i ei bok :D

Hals i Fabel

Denne halsen strikka eg for nokre veker sidan.
Den er strikka etter dette mønsteret.
Brukte akkurat eit nøste (50 gram) med Fabel.
Må kanskje vaske og blokke den litt,
(evnt. dampe)
for at kanten nede ikkje skal rulle.
Denne blir nok god å ha i vinter!
Vi har mange ender i elva her, men får sjeldan besøk av svanar.
I dag kom det fem, og dei kosa seg og laga masse lyd.
Grunnen til all lyden,
var at to av dei var ungar
som helst ville svømme sine eigne vegar.

21 november 2010

Gjenbruk

Ikkje alle bøker er "god lesnad".
Dette julehjartet er laga av to sider i ei mindre bra barnebok,
som var på veg til søppelbøtta.
Idéen til forma
fekk eg av Den Gode Feen i dette innlegget.

20 november 2010

God lesnad frå Samlaget

I dag fekk eg denne fine votteboka i posten.
Boka er ei gåve frå Samlaget!!
Den er skriven av Annemor Sundbø og er på nynorsk.

Ser ut til å vere ei interessant og fin bok,
som eg gler meg til å studere meir nøye....

14 november 2010

Panneband

I veka som snart er slutt no, har eg begynt på fleire nye småting.
Det einaste som er ferdig er to panneband av denne typen.
Dei er strikka i Eskimo på pinne nr. 8.
La opp 15 masker og strikka til garnet tok slutt.
Superenkelt og superraskt :-)
La opp og blei ferdig før ettermiddagskaffien var kald, omtrent...
Pannebandet blei godkjent av Ingrid, som eg er tante til!

08 november 2010

Hals nr. 3

I helga strikka eg ein ny hals av denne typen.
Halsen er strikka i Daletta.

"Tause Birgitte" måtte stille opp som modell igjen....
Eit bilde knipsa ved Moloen søndag.
Grå november kan vere vakker...

06 november 2010

Hals nr. 2

Hals i Faerytale frå DSA.
Mønster i Maskerader nr. 6.
Pinne nr. 7 med dobbelt garn.
La opp 36 masker.
Halsen er strikka i ein mørk raud farge
(ikkje samme som i mønsteret).
Har laga tre knappehol,
så den eine knappen går gjennom to hol.

Hals

Denne halsen strikka eg i haustferien,
men har ikkje fått tatt bilder av den før no.
***
Mønsteret fann eg i pt design nr. 102.
Halsen høyrer til ei jakke,
men sidan eg ikkje er så flink til å fullføre store klesplagg,
held eg meg til tilbehøret.