31 januar 2010

Guinan

Guinan, er namnet på denne lua.
Den er strikka i Perfect frå Sandnes på pinnar nr. 4.
Garnet har ein nydeleg mørk raud farge,
og har ikkje rosaskjær, som det kan sjå ut til på bildene.
Gratismønster på Ravelry, her.
Guinan passa godt til svigermora mi, så den er gitt vekk til henne i bursdagsgåve :-)

30 januar 2010

Strikk i farger - rødt

Turen er komen til rødt.
Ikkje den mest brukte fargen her i huset,
men eg noko har eg no strikka/hekla i rødt og.

28 januar 2010

Fleire freistingar


Sandnesgarn har kome med fleire nye mønsterhefter,
dvs. fleire freistingar.
Eg likte godt desse to modellane!
Genser i Duett og jakke i Smart.

26 januar 2010

Det blei handla garn i dag.......

Eg takkar for alle synspunkta på innlegget under.
Eg hadde ikkje bestemt meg då eg kom på butikken i dag,
men etter å ha sett katalogen og bildene i litt større format,
blei det til at eg kjøpte garn til den einsfarga grå genseren!
Eg har strikka ein sånn strukturgenser i tynn ull før,
og veit at det blir veldig gode plagg.
Raglanfelling er heller ikkje å forakte...
Gråfargen er nydeleg!
Men, må innrømme at eg har ein fin genser på gang.
Strikkar OL-genser til minsten også.
Ser at den blir ganske stor, så det har ikkje bråhast å bli ferdig,
men likevel.....

24 januar 2010

Nytt strikkehefte frå Sandnesgarn

Var innom sida til Sandnesgarn i dag,
og såg då at det er kome eit nytt hefte med barnemønster.
Har laga ein kollasj over nokre av guttemodellane,
som eg fekk lyst til å strikke til
Minstemann.
Kva for ein likar de best?
Eg likar veldig godt jakka i blått og grått!!

23 januar 2010

Enkle sokkar

Dette sokkeparet har eg strikka i Regia Hand-dye Effect.

19 januar 2010

"Turn a square"

Dette var ei enkel og kjekk lue å strikke!
Lua er designa av Jared Flood og er gratismønster på Ravelry.
Den brune hovudfargen er Perfect frå Sandnes,
og elles har eg brukt restar av Falk.
Har strikka den til eldstemann.

17 januar 2010

A Good Yarn

Denne veka fekk eg ein hyggeleg pakke i posten frå Capris
(min favorittbokandel på nettet).
I pakken var den siste boka til Debbie Macomber i
"Blossom Street" serien.
I tillegg hadde eg bestilt ei bok med mønster på dei strikkeprosjekta
som blir omtala i romanen.
Eg kjøpte den første boka i denne serien
då eg var på ferie i USA sommaren 2008.
Måtte ha noko lett lesestoff på flyet heim.
(Optimist som vanleg, for Minstemann sov ikkje i det heile...).
Vel, det tok både vinter og vår før eg kom meg i gang med boka.
Men det gav etter kvart meirsmak, så no har eg lese 5 bøker av D. M. på engelsk.
Tre av dei las eg i jula.
Kjempekoselege bøker om ei gate i Seatlle, folka og butikkane
(særleg garnbutikken "A Good Yarn") der, pluss pluss.

15 januar 2010

Strikk i farger - Blått er flott!

Eg har gjort det litt enkelt og laga ein kollasj over nokre av dei blå plagga
som eg strikka/hekla i fjor.
Eg synest blått er ein fantastisk fin farge!
Sidan eg har fire gutar, har det blitt ein del blå prosjekt dei siste 20 åra.

10 januar 2010

Det er kaldt i januar.......

... snø og is i februar....
Ser ut til at denne sangen passar fint no i år.
Etter mange år med milde vintrar, er det uvant med ein slik kulde.
Eg har strikka Wood Hollow Hat, designa av Kirsten Kapur.
Enkel og kjekk å strikke. Brukte 1 1/2 nøste Smart frå Sandnes.
"Thermisen" er også god å ha no om dagen.
Trur eg må strikke fleire av den....
Brrrrrrrr.....
Bildene er tatt i går, og då var det vel - 19 grader her.....
Utruleg kaldt for å vere her.......

03 januar 2010

Vi har slappa av......

Jula er over for denne gong.
I morgon er det jobb og skule igjen.
Barnehagen startar ikkje opp igjen før på tirsdag.
Katten vår Birk, får illustrere kor vi har slappa av og kosa oss denne jula.....
Har strikka litt, men lese mest.
Får kome tilbake til dette ein annan dag.
Ha ei fin veke 1, 2010!

01 januar 2010

Happy New Year!

Ønsker alle eit riktig godt nytt år!