06 august 2013

Syden og klutar

 Vi har vore til Tyrkia på badeferie.
Herleg å få oppleve litt varme og badeliv,
noko som det har vore lite av
på Vestlandet i år (og).....
 
 Endeleg kom eg i bomullsmodus. 
Brukar å ha ein periode kvar sommar med bomullsgarn. 
 
 Har strikka tre klutar etter dette mønsteret
Ravelry link.
Goat Willow (Selje). 
                                                        Og ein klut etter dette mønsteret.
 Bird Cherry (Hegg).
Ravelry link.
Veldig kjekke å strikke begge mønstrene!
Design: Bitta Mikkelborg.
***
 Eg har brukt Petunia frå PT på alle klutane,
 med unnatak av den mørkaste blå,
 som er strikka i Tuva frå Europris.  
Petunia er mitt favoritt klutegarn. 
Synest det er heilt fantastisk både å jobbe med og i bruk.
Tuva har eg ikkje prøvd til klutar før. 
Er i utgangspunktet skeptisk til akryl til slikt bruk.
 Klut nr. to ovanfrå er ein vanleg ribbestrikka klut,
 med ein rett og ein vrang på annankvar omg.
og annankvar omg. rett.  55 masker.