29 november 2007

26 Days Until Christmas

Denne koselege nissefamilien blei innkjøpt for mange år sidan. Manglar nissefar, men alle veit jo kor travelt han har det på denne tida! Nissane er frå Fagstrikk, eg kjøpte dei her. Kledene er stort sett ferdig strikka, manglar berre litt montering og toving. Det er merkeleg korleis ting kan bli liggande i årevis, nesten ferdig! No har minstemann fatta interesse for denne familien, så i år må eg prøve å få gjort han ferdig..... I bakgrunnen står den 182 år gamle kista som eg har arva frå farsida. Ho er frå 1825 og rosemalt i eit lokalt mønster.
Eg har ikkje fått strikka noko dei siste vekene, på grunn av rygg og nakke, så eg begynte på eit lite overkommeleg julestitchery i går. Mønsteret har eg hatt eit par år, og eg synest det er kjempefint, spesielt dei applikerte bildene!

26 november 2007

Nålepute

Denne nåleputa blei sydd i all hast på ti minutt, berre for å ha litt fleire modellar til i morgon..... Fekk ideen på nettet ein plass for lenge sidan. Eg brukte ikkje mønster, for det fann eg ikkje før etterpå. Men det finst her. Veldig enkelt!

Eit einsleg hjarte, men ikkje einsamt! / One single heart, but not lonely!

I kveld har eg sydd dette hjartet frå ei Tildabok. Måtte berre teste ut om det kunne vere ei passande oppgåve til tekstilformingstimane på skulen i morgon..... Ikkje så dumt, men eg trur eg må forstørre mønsteret litt. Lurer og på om det blir finare å sy i knappen gjennom hjartet, evnt. lenger oppe? Her er det mange variasjonsmogelegheitar!!

23 november 2007

Kosmetikkpung / Toiletbag

Eg har sydd denne kosmetikkpungen i romantiske stoff. Mønsteret fann eg i Lise Bergene si bok "Vesker og bager, sy dem selv". Eg har gjort to endringar. Botnen fekk eg ikkje fin, så den laga eg litt annleis enn i mønsteret, og så sydde eg på eit band oppe. Delvis av praktiske grunnar og delvis for å skjule enden på glidelåsen som eg ikkje synest blei heilt fin....Dette er første gang eg har brukt glidelås som er kjøpt i metervis. Det fungerte veldig bra! Denne gangen brukte eg overtransportøren då eg sydde i glidelåsen, og det gjekk mykje betre enn sist eg prøvde meg på å sy i glidelås! Både glidelåsen og det blomstrete fløyelsstoffet har eg kjøpt hos Ingun på Primula Design.

I have made a toiletbag in romantic fabrics this week. The pattern is from one of Lise Bergenes great books.

19 november 2007

"hobbyglede"

For ei veke sidan mottok eg denne pakken frå bokklubben "hobbyglede". Det er ein velkomstpakke, og etter størrelsen å dømme, ser det ut til at eg er veldig velkommen tilbake som medlem! I tillegg til tre bøker (den eine kjem seinare), fekk eg julekortpakke, masse utstyr og ei veske med mange lommar til å oppbevare alt! Reine julekvelden!

17 november 2007

Heklekrokar frå Danmark

I går kom det fleire heklekrokar frå BendixGarn i Danmark. Nettbutikken skal avviklast snart, så eg måtte skynde meg å bestille nokre nye super heklekrokar av typen Clover Soft Touch. Eg hadde tre frå før som eg kjøpte i sommar. Tre nye no til berre 125 kr. pluss porto 10,50.
Mannfolka her i huset (alle fem!), synest nok eg er litt rar som driv og fotograferar alt mogeleg (som til dømes heklekrokane mine). I går då eg heldt på å fotograferte heklekrokane mine, kom minstemann med filmen sin som han hadde fått, og forlangte at eg skulle ta bilde av den........

Boks til broderigarnet!

No skal det bli orden på broderigarnet mitt! Eg har endeleg fått kjøpt meg ein boks med små plater i papp til å surre broderigarnet rundt. Det følgde til og med med ei lita sveiv som kan settast opp på boksen. Nummeret på garnet har eg skrive på med tusj på pappbiten. Eg trur dette må vere praktisk og oversikteleg : )

15 november 2007

Kjøkkenklutar

Eg har strikka to kjøkkenklutar etter eit mønster eg såg på ein blogg. La opp 45 masker med dobbel mandarin petit på pinnar nr. 4,5. Strikka ein omgang rett og ein omgang 1r,1vr. Gjentok desse to pinnane til kluten var kvadratisk. Eg brukte to ulike blåfargar til kvar klut, for å få litt ekstra "liv" i dei. Likte denne måten å strikke klutar på, enkelt og raskt.
Kanskje dette blir ei julegåve!? Til ein mann for eksempel :)

09 november 2007

Amy Butler

Desse stoffa kom i posten i går. Eg blei tipsa her ein kveld om at Desirees Lappeteknikk selde ut alle Amy Butler stoffa til 59 kr meteren. Då måtte eg sjølvsagt legge inn ei lita bestilling. Eg trur eg skal bruke desse stoffa til toalettvesker, strikkemapper, vesker og liknande....time will tell!!

03 november 2007

"Soul"

Denne veka har eg strikka hua "Soul" frå Kim Hargreaves. Eg blei inspirert av BenteB sist vinter og kjøpte ein strikke-kit frå England med garn, perler og mønster, og så har det berre blitt liggande. Men no er ho altså ferdig og gitt vekk til mora mi. Garnet er eksklusivt og kjempeherleg! Det gjekk med ca. 75 gram. Pinnar 4 og 4,5. Sjå også Syersken si lyseblå utgave!