29 mars 2010

Uff, meir snø.....

Dette var litt av eit tilbakeslag.
No når vi var begynt å glede oss over våren,
måtte det begynne å snø igjen.
Bilder frå i går og i dag....

28 mars 2010

Gardinkapper

Eg har begynt påskeferien med å sy gardinkapper.
Først to kapper til vindfanget i eit sprekt stoff,
som eg har kjøpt hos Siv på Lappestua Eid.

Og så ei kappe til eit lite vindauge i stova, over datamaskina mi.
Dette stoffet er japansk og kjøpt hos Ingun på Primula Design.

27 mars 2010

Meir vaffelhekling...

Dette var så kjekt at eg måtte hekle eit par til med ein gong.
Denne gongen i Muskat frå Garnstudio.

23 mars 2010

Vaffelhekling

Eg held meg til bomullsgarn for tida.
Desse gryteklutane har eg hatt lyst til å hekle lenge,
men det har berre ikkje blitt.
No blei det altså, og eg er begeistra!
Veldig kjekke og raske å hekle!
Eg har hekla mine i Petunia frå Pt. Heklekrok 3,5.
Mønster finn de her på bloggen til Hannesol.

21 mars 2010

Bloggbursdag og vårstrikk

Mitered Hanging Towel var fort gjort å strikke. Kjekt arbeid også!
Dette er strikka i dobbel Pandora frå Pt, pinne nr. 4.
Har også strikka to kjøkkenklutar.
Den lilla i Petunia frå Pt og den grønne i Mandarin Naturell frå Sandnes.
Enkelt mønster.
Legg opp 55 masker på pinne 3,5.

omg. 1: ein rett, ein vrang.
omg. 2: strikk alle maskene rett.
Gjenta til kluten er passeleg stor.
I dag er bloggen min tre år!!

16 mars 2010

Laila's socks

Desse sokkane er alt eg har fått strikka dei siste vekene.
Mønsteret fann eg i boka Folk knitting in Estonia
av Nancy Bush.
Ei veldig fin og interessant bok-kan anbefalast!
Mønsteret heiter Laila's socks,
og for de som er på Ravelry, finst det mange fine eksemplar her.
Garnet eg har brukt er Opal Uni.

Vinteren vil liksom ikkje heilt slippe taket, nei......

15 mars 2010

A New Season is coming .......

....... soon I hope!
Det er rart med det, sjølv om det er ingen ting som minner om vår ute,
berre snø, snø og atter snø -
så merkar eg at eg er litt ferdig med vinterstrikk.
Har nokre prosjekt som eg må tvinge meg sjølv til å fullføre,
men luer, vottar, halsar og skjerf
er liksom ikkje interessant lenger.
Difor
har eg leita fram dette mønsteret frå ei Mason-Dixon bok
og skal begynne på mitt første vårlege strikk.
Eg blei inspirert av Olavas verden, for andre gang på nokre få dagar.
Gratismønster på dette "Mitered hanging towel" finst her.



14 mars 2010

Vårgleder i bokform .....

Eg har bestilt meg ei ny bok frå Capris denne helga.
Den heiter Vårgleder og er skriven av
Miriam Nilsen Marken og Tone Merete Stenkløv.
Dei har også gitt ut ei bok som heiter Julegleder.
Gler meg til den kjem!

Ideen fekk eg av Olavas verden.

07 mars 2010

Kurshelg

Denne helga har eg vore på kurs med Mia Øberg frå MiasQuiltbod i Sverige. Kurset heiter "Smarta remsor og fiffiga trianglar".
Det er kanskje to år sidan eg har vore på sykurs, så det var på tide. Det har blitt veldig lite sying på maskin det siste halve året (...trur eg har sydd ein klemmepung, det er alt...), men no håper eg at det kan bli meir.
Eg fekk sydd framsida på ei sofapute (smarta remsor),
og toppen på ein liten kjøkkenløpar (fiffiga trianglar).
Eg valde enkle løysingar og små prosjekt,
sidan eg ikkje er så trent i faget som dei fleste andre i klubben.
Kjekt å bli mest mogeleg ferdig også.
No har eg berre monteringa igjen, og det er eg fornøgd med!
Her er søndagens lunsj og kake.