31 oktober 2011

Siste innlegg i oktober.....

Eg er utan fotoapparat for tida, og det er uvant - og trist :(
Blei litt lei av isoporhodebildet på sida mi,
så no har eg leita fram bilde av prosjekt
som ikkje har vore publisert før.
Desse to sokkepara strikka eg i sommar.
Dei blei overlevert til to søte tvillinggutar i Trondheim,
då vi var på veg nordover til Mosjøen.
Sokkane er strikka i restegarn (mest Opal).

20 oktober 2011

Tubeskjerf i silkeull

Kathrine Gregersen frå Nøstebarn presentrerte
gratismønster på to tubeskjerf på bloggen sin
for nokre veker sidan.
***
Då sonen min på 16 år var baby,
strikka eg ein del undertøy av garn frå Nøstebarn.
Eg strikka til og med bleiebukser og brukte tøybleier ein periode!!
Vel, har hatt liggande ein bunt med ubleika silkeull,
som no er blitt til eit herleg tubeskjerf.
***
Det som ikkje er så kjekt,
er at kameraet mitt oppfører seg litt merkeleg i dag.
Luka framfor linsa vil ikkje opne seg skikkeleg :(
Difor dette "kunstneriske" bildet med mørke parti........

14 oktober 2011

Sjal/skjerf

Drops har mange fine gratismønster på sida si,
og her er eit av dei.
Eg har sett på dette mønsteret ei stund,
men kom ikkje i gang med sjal/skjerfet
før eg såg det fine som Timotei har strikka.
Eg hadde to nøster med Drops Delight liggande,
så då valde også eg det garnet i staden for Fabel.
Strikka det litt større enn mønsteret sa, og fekk akkurat nok garn.
Det gjekk nemleg meir garn enn eg hadde trudd
til heklakanten rundt.

13 oktober 2011

To enkle luer

Eg har strikka to superenkle luer.
Den rosa/lilla er strikka i Odin frå Viking.
Den er til tantebarnet mitt på 11 år.
Mønster:
La opp 88 masker på pinne nr. 4,5.
Strikka ca. 7 cm. Gjekk over til pinne nr. 5 og la opp 4 ekstra masker.
Strikka i ca. 22 cm før eg begynte på fellinga.
Strikk 2 m, strikk to masker saman osv.
strikk 2 omg. utan felling.
Strikk 1 m, strikk 2 saman osv.
Strikk 1 omg. utan felling.
Fortsatte slik til det var passeleg med masker til å snurpe saman.
***
(Eg kunne ha strikka meir enn 22 cm før fellinga,
for der var garn til overs.)
Denne lua er strikka i Alfa frå Sandnes.
Her la eg opp 68 m på pinne nr. 7.
Fann eit mønster i eit Sandneshefte (tilbehør- tema 12)
Den har ein hekla kant nede, men blomen hoppa eg over.

05 oktober 2011

Fleire sokkar

Har stupt lenger ned i kassa med sokke/strømpegarn.
Desse sokkane har eg strikka i dobbel Opal.
Brukte pinne nr. 3 for at dei skulle bli litt faste.
Eg blei inspirert av det melerte sokkeparet i boka
Strikk luer, votter, sokker av Ann-Mari Nilsson.

Så måtte det bli eit strømpepar til Minstemann i Fabel.