29 november 2007

26 Days Until Christmas

Denne koselege nissefamilien blei innkjøpt for mange år sidan. Manglar nissefar, men alle veit jo kor travelt han har det på denne tida! Nissane er frå Fagstrikk, eg kjøpte dei her. Kledene er stort sett ferdig strikka, manglar berre litt montering og toving. Det er merkeleg korleis ting kan bli liggande i årevis, nesten ferdig! No har minstemann fatta interesse for denne familien, så i år må eg prøve å få gjort han ferdig..... I bakgrunnen står den 182 år gamle kista som eg har arva frå farsida. Ho er frå 1825 og rosemalt i eit lokalt mønster.
Eg har ikkje fått strikka noko dei siste vekene, på grunn av rygg og nakke, så eg begynte på eit lite overkommeleg julestitchery i går. Mønsteret har eg hatt eit par år, og eg synest det er kjempefint, spesielt dei applikerte bildene!

9 kommentarer:

Elin sa...

For eit koseleg innlegg! Dette må ein berre kome i julestemning av!

Besta sa...

Blei heilt nostalgisk då eg såg att den gamle kista. Då vi var små hadde vi diverse klede i den som vi brukte når vi kledde oss ut. M.a. ein gammal raudrev til å ha rundt halsen.Den var populær.
Blir lite handarbeid med meg for tida, men har strikka opp nesten alt bomullsgarnet eg hadde liggande til kjøkkenklutar, og så går det i lestar innimellom. Lykke til med nissefamilien.

Timotei sa...

Ja, det er rart med det der, håndarbeid som kan bli liggende i årevis, men så får en plutselig lyst til å gjøre det ferdig. Tror nissefamilien kommer til å bli så fin!
Veldig artig å ha en slik gammel kiste også. Jeg er så glad i slike gamle ting, ting som har tilhørt slekta og som en kan knytte historier til.
Sticheriet ser spennende ut. Har så lyst til å prøve noe slikt. Tenkte å bestille meg en startpakke fra Northern Quilts slik at jeg kommer i gang.
God bedring med nakken og skuldra di. Ikke greit med sånne plager når en er glad i å holde på med håndarbeid, nei. Du får kose deg med sticheriet inntil videre!

Anonym sa...

Ja er ikkje denna familien herlige. Eg har no kjøpt lodd på alle som har vorelodda ut denne høsten, men uten hell. Men eg har jo en sjøl då som snart skal få komme ned fra loftet og feire jul. Eg har lova nissemor nytt skjørt for det som eg strikka i fjor vart nokre centimeter for kot, så ho føler seg litt uvel. Skal ha meg en tur på gamle skofabrikken og sjå om ho har dei der.(nissane) Mine vart kjøpt på Ål i fjor sommar til en latterlig lav pris. Veit ikkje om eg blir like heldig ein gong til.

Anonym sa...

Heisann. Har et par sånne Fagstrikk Nisser liggandes, men det er liksom ikkje heilt meg... Men dei skal nok bli ferdige en gang.... Ønsker deg og dine ei riktig fin 1. Advents helg :)
Ronille.

Marie sa...

Flott nissefamilie! Eg strikka klede til ein sånn gjeng til basaren vår for to-tre år sidan. Kjekt arbeid! Julemotivet du held på med blir veldig fint også!

God første søndag i advent :)

Two sa...

Å, dette mønsteret har eg sett på leeenge, men har ikkje kjøpt det endå. Det er så fint!

[morgrethe] sa...

Hææææ, jeg kan alt om håndarbeid som blir liggende. ha ha. Men de blir da ferdige en gang. Jeg har til og med en guttegenser som har ligget i 12 år kanskje. Den er tidløs og fin, så den skal nok monteres en dag. Det blir en koselig nissefamilie da. Og stitchery'en din blir koselig. Ha ei fortsatt fin uke.

Anonym sa...

Bloggen vår blir fin. Vi må sjå på dette i helga. Travelt for tida. Takk så langt.
Eidabesta