21 mars 2013

Pledd og påskeløpar

 Det har blitt lite strikking den siste tida. 
Begynte på eit restegarnpledd
 a`la Arne og Carlos som eg
strikkar av diverse single garnnøster på pinne nr. 3,5.
 Men det blei litt tungt i lengda, 
så eg har tatt ei pause....
Synd, for det var veldig kjekt!!
 Men eg har endeleg kome i gang med litt sying.  
Har fått sydd denne vesle vårlege løparen.  
Mønsteret er laga av Lise Bergene og står i Quiltemagasinet 2/2005.

03 mars 2013

Brennende Kjærlighet Votter

I slutten av januar meldte eg meg inn i Projo sin vottealong på facebook.
Eg er eigentleg ikkje noko along-menneske, så dette er min første strikkealong på nettet.
Eg kan ikkje ha noko press over meg når det gjeld strikking.  Er ofte dårleg i muskulaturen og må gjere det som eg klarer der og då.  Av og til er det hekling som fungerer og andre tider strikking.  Det kan plutseleg bli stopp i å strikke på fem pinnar.  Av og til er det best med tynne pinnar og av og til tjukke. På denne måten blir det mange halvferdige prosjekt rundt om kring.  Men dei fleste småprosjekta blir ferdige til slutt.  Strikkelysta og engasjementet er på topp, og eg har ikkje fått forbod av kiropraktoren min :D
Dette er januarvottane i Strikkealongen.  Det er eit mønster av Jorid Lindvik og vottane er strikka i Finull frå lageret mitt.  Vottane tova eg for hand i grønnsåpe.  Kankje dei må ha ei runde i vaskemaskina og, får sjå.
Denne nydelege buketten fekk mannen min for å ha jobba 25 år i samme firma.  Muggen kjøpte eg av Ingun på Primula i fjor sommar!                              

Takk for dei positive kommentarane på restegarnteppet mitt.  Så kjekt at så mange likte det!!