15 november 2007

Kjøkkenklutar

Eg har strikka to kjøkkenklutar etter eit mønster eg såg på ein blogg. La opp 45 masker med dobbel mandarin petit på pinnar nr. 4,5. Strikka ein omgang rett og ein omgang 1r,1vr. Gjentok desse to pinnane til kluten var kvadratisk. Eg brukte to ulike blåfargar til kvar klut, for å få litt ekstra "liv" i dei. Likte denne måten å strikke klutar på, enkelt og raskt.
Kanskje dette blir ei julegåve!? Til ein mann for eksempel :)

5 kommentarer:

Elin sa...

Nydelege kjøkkenklutar! Kjekt å ha deg tilbake etter sjukefråver...

Mor Grethe sa...

Fine "kopptuå". Jeg har også to liggende her, men har ikke festet endene enda. Jeg har nok gjort en "tabbe", jeg brukte enkel tråd. Kan tenke meg at dine er gode og tykke. Ja, ja.... får prøve å huske det til en annen gang.

PS: jeg kunne godt tenkt meg tuer til jul:o)

Besta sa...

Akkurat det eg trengde no. Har masse restar av bomullsgarn og har alt strikka ein (kjedelig) klut.Dessutan har eg ein stygg tendens til å lage klutane for store. Ikkje lurt!!!Men no får eg altså tips både om garn og pinnar m.m. Thank You!!!!

mallemor sa...

Takk for tipset. Har nokre ugifte svogrer, dette blir dei sikkert "veldig glade" for.

Timotei sa...

Dette var jo kjempelurt! Tusen takk for beskrivelsen av hvordan du har laget dem. Det er jo en super julegaveide!