25 februar 2010

Garnkroken

Det var ein stor skuffelse å bli kraftig forkjøla
i den etterlengta vinterferieveka.
Etter eit par dagar på sofaen,
fekk eg endeleg gjennomført den planlagte Ørstaturen saman med Lappetausa.
Ikkje i toppform nokon av oss, men kjekt å kome seg litt vekk i alle fall :-) (-:
Vi var innom mange garnbutikkar,
men dagens høgdepunkt var å besøke
Ronille på Garnkroken.
Eg har hatt bloggkontakt med henne eit par år, men vi har aldri møtt kvarandre før, så det var artig!
Her er modellane frå "Mauds hjerte", Ellinor si bok.
Nokre bilder frå butikken.
Ellinor har strikka denne flotte "Kari Traa-lua".
Den fekk eg lyst til å prøve meg på!
Har ikkje fått med meg at denne var populær å strikke før i dag.
Fekk forklart framgangsmåten av Ellinor,
og fann også mønster og forklaring på denne bloggen her.
* * *
Då eg kom heim oppdaga eg at posen med garnet som eg kjøpte hos
Ellinor var borte vekk......
Trur eg har lagt den igjen på Amfi, og håper at den dukkar opp.
Var visst ikkje heilt på topp i dag, nei.......

22 februar 2010

Kontrastar

Av og til får eg lyst til å strikke eit enkelt sokkepar,
slik som denne helga.
Det blei eit par i str. 30/31.
Garnet er eg ikkje sikker på, men trur det er Magi.
(frå garnlageret, så no har eg vore flink ;-) ....)
Fargane passar godt til fargane ute no.
Det er skikkeleg kaldt, og vi får ikkje sola her før 8. mars........
Elva er frosa.
Såg oteren igjen i dag tidleg, men rakk ikkje å ta bilde.

Gler meg til sommaren!

20 februar 2010

Pulsvarmarar i Inca

Eg har hatt eit nøste med Inca alpakka liggande i mange år,
og no har eg endeleg fått brukt det til noko.
Har strikka eit par pulsvarmarar frå eit Rauma-hefte.
Blei veldig fornøgd med resultatet,
bortsett frå at mønsteret kom litt dårleg fram i forhold til dei som er avbilda i heftet.
Mine ser mykje meir ullete ut.
Lurer på om det er fordi garnet er grått og ikkje farga at det er slik?

17 februar 2010

Beauchamp Cowl

Denne halsen var enkel og artig å strikke!
Eg har brukt restar av diverse babyull,
så den blei veldig mjuk og god!
Det hadde ikkje gjort noko om den hadde vore litt større,
så viss eg strikkar den igjen skal eg prøve med Sisu eller Silja,
som eg også har mykje restar av... Designaren heiter Laura Chau og mønsteret har eg kjøpt på Ravelry, her.

14 februar 2010

Morsdag


Minstemann perla eit fint hjarte til meg i dag.
Eg fekk ikkje sjå det før det var ferdig,
så mønster og fargar fann han på sjølv.
Veldig fint, synest eg!
Denne koppen kjøpte eg på Europris for nokre veker sidan.
Det var vel litt på kanten å kjøpe den til seg sjølv!?!
..... Men syntest den var så praktisk og fin .....
Minstemann har i alle fall begynt å kalle meg Verdens beste mamma no,
og det er jo koseleg å høyre, sjølv om han er blitt litt manipulert...
Sjarmøren ,Victor, brukar å kome på formiddagsbesøk kvar søndag.

Strikkemor(o)'s naturobservasjonar dag 2

Nydeleg himmel i kveld.
Denne kongeørna held til på nabogarden, ca. 400-500 meter unna.

.... Knipsa gjennom stoveglaset, som vanleg......

13 februar 2010

Dresden Plate

For nokre veker sidan kjøpte eg den siste boka til Trine Bakke.
Den er veldig fin, blant anna har eg beundra dette teppet og denne duken.

Eg har lenge hatt lyst til å prøve denne blokka
som heiter Dresden Plate,
men har hatt litt sytørke det siste halve året.

Men i går fekk eg låne ein mal av ein kollega,
og då var det berre å sette i gang..
Det gjekk fint å lage pappmalar sjølv. Eg var litt spent på om det kom til å stemme og bli ein sirkel til slutt, men det gjekk heilt fint.
No manglar eg berre sirkelen i midten.
Planen er å sy ei pute.

Frukostgjest

Når ein bur ved ei elv er det alltid noko å sjå på.
I dag kunne eg studere denne oteren
som kosa seg med ei flyndre til frukost.
Oteren ligg på isen midt i elva.
Bildene er tatt gjennom stoveglaset med zoom,
så dei er litt uskarpe....

11 februar 2010

Karneval

Då er Minstemann klar for karneval i barnehagen i morgon!
Vi var på butikken og kjøpte ny og tøff drakt i dag.
Drakta kan snuast ut inn. Då blir den snill blå/raud Spiderman-drakt.
Denne varianten kan kanskje bli litt skummel for dei minste i barnehagen.....

07 februar 2010

Lita oppdatering

Så langt har eg kome på gensaren til Minstemann. Det er eit ok strikketøy, men det er litt einsformig, så eg må gjere andre ting inn i mellom. No strikkar eg på ein hals også.
Ute er det full vinter.