26 april 2010

Claudia scarf

Har hekla eit Claudia scarf i BabySilk frå DSA.
Det gjekk med litt over fire nøster for å få skjerfet ca. 2 m.
Kjekt og enkelt mønster, som gjekk veldig fort å hekle.
Hekling er tingen viss ein ikkje orkar å strikke eit skjerf,
det går mykje fortare!!


24 april 2010

Green Gate

Eg var på ein liten handletur med Lappetausa i dag føremiddag.
Blei overraska og glad :)
då eg oppdaga at ein butikk på denne vesle plassen
har tatt inn Green Gate produkt.
Så denne matboksen blei med heim.
Den står jo så godt i stil med bloggsida mi!!
Litt broderigarn til halv pris blei det også!

22 april 2010

Stjernespekksjal

Stjernespekksjalet mitt er ferdig, med frynser og alt.
Eit raskt og kjekt prosjekt
(som dei fleste prosjekta mine:)
Nesten ingen trådar å feste, men til gjengjeld ein del arbeid å lage til frynsene.
Garn: Sisu (dobbelt)
Pinnar: 7
Mønster: her.
Denne maska heiter Daisy stitch på engelsk,
og eg fann eit fint mønster på pulsvantar her!
Aprilmorgen!

18 april 2010

Hekla sjal



I påska hekla eg dette trekantsjalet.
Det er hekla som ei halv bestemorsrute.
Garnet var ukjent for meg, og no finn eg ikkje igjen lappen.

Regionstreff

I dag har eg vore på Regionstreff for quiltarar i Sogn og Fjordane .
Mange fine arbeid var utstilt.

Og så blei det sjølvsagt handla litt.
Eg kjøpte desse reprostoffa av Wenche/Norhern Quilts.
Wenche heldt foredrag om reprostoff og gamle quiltar.
Ein veldig kjekk dag!

10 april 2010

Kari Traa lue

Denne lua strikka eg tidlegare i vinter etter å ha vore på besøk i butikken til Ronille. Der fekk eg sjå lua som ho hadde strikka og fekk lyst til å prøve eg og. Fann eit mønster her som eg brukte.

Stjernestrikk

Torsdag var eg på strikkekafe.
Der lærte Magfly oss å strikke stjernemasker, veldig kjekt!

Mange starta på dette sjalet,
som er designa av Pickles.
Eg hadde berre raska med meg litt Sisu-garn i full fart,
så fargevalet mitt er ikkje så veldig gjennomtenkt.
Men det blir ikkje så verst.
Strikkar med dobbelt garn på pinne 7.
Dette skjerfet er hekla i full fart av to garnnøster som eg kjøpte i vinter.
Marks & Kattens Eco ull.
Eg hadde ein plan med dei to nøstene, men kunne ikkje kome på kva den var....
Skjerfet er hekla med fastmasker med ei luftmaske i mellom.
Og så hekla eg ein kant rundt til slutt.
Inspirert av One skein scarf,
men fekk ikkje til å opne mønsteret, så eg såg berre på bildet.

08 april 2010

Tova sitteunderlag

Garn: Fritidsgarn, ca. 200 gram.
Pinnar: 5,5.
Mønster: Legg opp 80 masker.
Strikk 58 riller. Fell av 20 m. i midten.
Legg opp 20 nye på neste omgang. Strikk 6 riller over holet.
Toving: Maskin 60 grader.

06 april 2010

Påske-gåve

Nr. 3 har ofte overnattingsbesøk av kameratar.
Kameraten som overnatta denne helga,
hadde med tre heimestrikka oppvaskklutar i gåve frå mora.
Det er bestemora som har strikka klutane i dobbelt bomullsgarn.
Ho har hekla ein kant rundt.
Kjekt å få sånne gåver, sjølv om ein strikkar sjølv!!
Bildene blei tatt i det flotte vårveret i går.


02 april 2010

Og så ein liten kylling....

Her var det berre å sy på auge og nebb....

Påskehare

Ikkje så fint påskever i dag, så eg syslar med litt hobbysaker...
Denne påskeharen strikka eg for mange år sidan,
men no har han fått auge, snute og tenner.
Har fleire uferdige saker,
så kanskje dukkar det opp meir utover dagen :-)
Mønster frå Tema 11, Toving, Sandnesgarn.

God Påske!

God morgon og GOD PÅSKE!!
Denne kyllingen strikka eg i fjor.
No har eg tova den og gitt den nebb, auge, hanekam og bein.
Kyllingen kan hengast opp til pynt eller brukast som sitteunderlag.
Mønster finst gratis på denne bloggen.
Eg stikka etter eit anna mønster der eg brukte Cortina og pinne nr. 7.
Det gjekk med 3 nøster Cortina.
Legg opp 10 masker og auk i begynnelsen av kvar omgang til 60 masker.
4 riller utan auking.
Fell i begynnelsen av kvar omgang til 26 masker.
8 riller utan felling.
Fell på toppen av hovudet både i begynnelsen og slutten av omg. til 4 m igjen.