21 april 2014

Strikka gryteklutar

Gryteklutane i vårfargar er ferdige.
Mønsteret er frå Rauma sitt påskehefte.
Mine er strikka i Helårsgarn frå Rauma.
Dagstur til Måløy og Kannesteinen i dag. 
 Nydeleg ver og kjekt at det skal vare utover veka!

20 april 2014

Hekla pute

 I dag har eg montert ei pute,
 som eg hekla for ein sommar eller to sidan.
Det var fort gjort, 
for eg sydde berre den store oldemorsruta 
til fronten av ei gammal herreskjorte.
Sydde også på eit kvitt stoff bak den hekla sida.
Garnet som eg har brukt til puta er anten Mandarin Petit
 eller eit tilsvarande tynt bomullsgarn.

19 april 2014

Påskestemning i heimen

Vi kosar oss heime i påskeferien :)
 Eg har til og med fått sydd nokre småting.  
Høne og kylling etter mønster frå Northern Quilts.

Og denne korga, som var samsying på ei FB gruppe for ei stund sidan.
Link til mønster her.
Nokre strikka gryteklutar på gang....

 Sol og fint ver i går, så då blei det tur på setra.