
No skal det bli orden på broderigarnet mitt! Eg har endeleg fått kjøpt meg ein boks med små plater i papp til å surre broderigarnet rundt. Det følgde til og med med ei lita sveiv som kan settast opp på boksen. Nummeret på garnet har eg skrive på med tusj på pappbiten. Eg trur dette må vere praktisk og oversikteleg : )
2 kommentarer:
Er det i Danmark du har kjøpt boksen og? Eg kjøpte min på Quiltehuset i Bergen, men skulla hatt fleire. Pappbiter skulla eg og hatt mange fleire av. Har arva eit plastnett med broderigarn etter svigermor.Det gjeld å ta vare på arven!
Den var då stilig! Du må fortelje kvar du har kjøpt den så vi andre kan få oss slik!
Legg inn en kommentar