27 juni 2008

Sommarsyslar....

Onsdag var eg på besøk hos Lappetausa. Der fekk eg eit lite kurs i "finare hekling". Dei siste åra har eg hekla ein del (tepper, vesker o.l), men alltid med tjukt bomullsgarn eller ullgarn. No var det på tide å prøve det tynne heklegarnet på tynn krok. Det gjekk ganske bra, takka vere eit enkelt mønster og god rettleiing frå Lappetausa.
Her er mi første brikke!
I går var eg på litt garnshopping igjen med den same dama! Det enda opp med eit nytt prosjekt. Lappetausa meinte det var på tide vi prøvde det såkalla "Raspberry Chevron Afghan-mønsteret".
Det er veldig moro og enkelt å strikke, og ikkje så travelt for hendene heller når ein strikkar med lett finullgarn på bambuspinnar. Men om det blir eit stort teppe på meg, tvilar eg på. Trur kanskje eg strikkar eit vognteppe.....

26 juni 2008

Mimring

Då eg hadde bursdag for litt sidan, sette ei av kusinene mine dette bildet inn på bloggen sin. Det viser systra mi, Lillemø, og eg på besøk hos kusina vår og familien hennar på Sunnmøre. Vi hadde då som no, ofte med oss eit handarbeid når vi var på besøk hos familie og vennar. Og her sit vi då svært så tekkelege i sofaen på ungdomsrommet med kvart vårt arbeid (eg til høgre). Legg merke til strikkajakkene som vi hadde over skuldrane, ikkje noko tull... Dei var nok strikka av mora vår, og som alltid strikka ho blått til meg og rødt til systra mi . Elles var visst moten pologensar og skjortebluse, og jeans sjølvsagt.... Eg er ikkje sikker på når bildet blei tatt. Men det er truleg seint på 70-talet. Kanskje 1979 eller 1980. Kanskje fotografen eller Lillemø hugsar?

23 juni 2008

Sommarstrikk

På tide med ei lita oppdatering her på bloggen. Eg har strikka ferdig sokkeparet som eg begynte på for ei god stund sidan. Eg hugsar ikkje heilt kva garnet heilter, men trur det er Austermann Step. Av restane pluss litt andre restar, strikka eg eit sokkepar til minstemann.

15 juni 2008

Bursdagsfeiring....

I dag blei det berre ein rask fjelltur, sidan vi skulle ha bursdagsfeiring på ettermiddag/kveld.
Her kjem nok ikkje bilde av bursdagsbarnet, husfrua, som berre ser trøytt og sliten ut i dag- og dessutan eit år eldre....
Viser i staden fram tre av dei unge gjestane som kosar seg i kveldssola!
Av Lappetausa fekk eg dette artige "lærarstoffet".

Ny bok av Anne-Pia Godske Rasmussen

Denne boka kom i posten på fredag. Dette er faktisk den tiande boka til Anne-Pia G.R. Flott bok!!

08 juni 2008

Ei fin helg med varierande ver!

Laurdag var det nydeleg sommarver her,
og det blei bading både i elva og i fjorden!


Søndag var det slutt på fineveret,
men vi klagar ikkje for vi har hatt ei fantastisk veke!
Trass i at det var fare for regn, gjekk eg ein flott fjelltur på eit av Noregs tak (Veten-Ossetra)
saman med Lappetausa, LilleMø, Victor (hunden til LM) og mannen min. Etterkvart blei det både tåke og regn.
Men temperaturen var bra, så sjølv om vi blei gjennomvåte, hadde vi ein fin og morosam tur!

06 juni 2008

Hyggeleg pakke frå Danmark!

I dag kom det fire danske strikkebøker i posten!! Vi får kalle det bursdagsgåve på forskot; til meg frå meg. Under kjem nokre bilder frå bøkene. Det var berre ei av bøkene eg ikkje var så begeistra for (bak til høgre). Der må eg verkeleg leggje godviljen til for å finne noko eg likar. Heldigvis er det berre eit lite hefte. Den ferskaste boka: "Børnestrik" er ei artig bok med flotte bilder i litt retro stil!
Ser artig ut å strikke kvadratblokker rundt på fem pinnar.
Nydeleg hekla jakke
Kosedyr
Eg har alltid hatt lyst til å strikke ein bamse, men har det til gode!
Fin vest til ei hestejente.
Froskegensar. Kjempefin, men for ein jobb!!
Her kan ein få brukt opp restar i babyull.
Denne er faktisk strikka i Smart frå Sandnes.
Søte guttegensarar i rillestrikk.

04 juni 2008

Ballband Dishcloth

Eg fekk lyst til å strikke desse kjøkkenklutane igjen....
Mason*Dixon-boka kjøpte eg for to år sidan, og strikka då eit lite lass. Det er eit kjekt sommararbeid når det er varmt, og ein ikkje orkar å strikke i ull eller å ha store arbeid i hendene! Eg har brukt dobbel Mandarin Petit, kjøpt på sal.
I boka står det (rett etter mønsteret): "Remember to take off your apron and hairnet before leaving the house."

01 juni 2008

Fjelltur og tagging....

.....gløymde drikkeflaska med vatn, men hugsa Felisi-mappa med strikketøyet....

Eg har blitt tagga av Maret.

Reglane kjem i starten av innlegget. Kvar spelar svarar på spørsmåla om seg sjølv. I slutten av innlegget gir du den vidare til 6 andre personar og fører opp navna. Så går du til bloggane og legg igjen kommentar om at dei er tagga og ber dei lese din blogg. La personen som tagga deg vite når du har lagt inn svar.

1) Kva gjorde du for ti år sidan?
Dreiv familiebarnehage med to avdelingar (0-3 år).

2) Kva er 5 ting på å gjere-lista mi i dag?
Berre to: Fjelltur og førebu meg til i morgon (Mat og Helse 5 timar).

3) Snacks eg liker:
Sjokolade

4) Ting eg ville gjere dersom eg var milliardær (eller billionær):
Opna min eigen garnbutikk med masse spanande garn mm., og hatt filial i New York, London, Sydney og Hong Kong.
Bygd idrettsanlegg for barn og unge i Noreg og i u-land.
Støtta det lokale sjukehuset pluss div. sjukehus i fattige land.

5) Stadar eg har budd:
Nordfjordeid og Volda.

6) Disse folka vil eg vite meir om: Dei som legg igjen kommentar på bloggen min som enno ikkje har fått denne tagginga!