30 april 2007

Bølgeoppdatering

Har fått hekla litt på teppet mitt i helga og er komt så langt!
Til no har eg brukt berre garn som eg har hatt liggnade (ca. 350 gram), men i dag var eg innom ein av dei lokale garnbutikkane og supplerte litt. Kjøpte desse tre sommarlege fargane!


27 april 2007

Bølgeteppe


Så lenge klarte eg altså å halde meg før eg sprakk!
Måtte berre begynne på dette teppet, sjølv om det kjem til å ta laaaang tid å få det ferdig...

Veldig kjekt og avslappande, reine meditasjonen!
Brukar (førebels i alle fall) berre restar og garn frå uferdige prosjekt...

Hønsefødder & gulerødder

Eg har vore sjuk nokre dagar,så då var det ekstra kjekt å få denne boka i postkassa. Det er ei heilt ny dansk strikkebok som eg har bestilt frå Pinnsvin Design. Mykje fint å lage for barn i str. 2 til 8 år.
Eg likte særleg godt denne gensaren. Enkel og stilrein. Garnet er Tvinni frå Isager og kan kjøpast hos Pinnsvin Design, men eg har ikkje planar om å starte på han med det fyrste....

24 april 2007

UFO-teppe fram i lyset


Eg har hatt så lyst til å starte på eit restegarnteppe etter å ha studert diverse bloggar i det siste. Men kom så på dette teppet som eg starta på for mange år sidan! Mønsteret fann eg i boka "Sommergleder" av Grete G. Moe.

Teppet er strikka i Norsk Kunstvevgarn, spelsauull frå Hoelfeldt Lund. Eg har kjøpt garnet hos Eid Miljø. Har lagt opp 50 masker på pinne 4,5 mm og strikka ca. 50 riller til eit kvadrat. Meininga er at teppet skal ha ein stripete kant av restegarnet, for det går med litt mindre enn 50 gram til ei rute. Til slutt skal teppet tovast lett. Vel, no er det kome fram i lyset igjen og blir forhåpentlegvis fullført denne gongen. Det er ikkje sikkert eg lagar det like stor som i mønsteret........

23 april 2007

Tigersokkar


Minstemann har fått seg nye sokkar i tigermønster. Dei er strikka i 6-tråda Opal.

22 april 2007

Søndagstur i fjæra, igjen.....


Det blei tur i fjæra i dag og. Når ein er på tur med berre mannfolk, kan det av og til bli litt einsformig. Då er det fint å ha med seg eit handarbeid...Dette nettet sydde eg for mange år sidan, og det er mykje brukt. Og opp i er der sjølvsagt eit sokkepar på pinnane.................

Ein til traktorgensar



I dag blei eg ferdig med å sy på traktormotivet på denne gensaren i Sisu. Det var litt vanseleg å få motivet fint. Eg fann ut etter kvart at eg måtte sy frå høgre til venstre og nedanfrå og opp skulle det bli bra. Vel, ikkje heilt perfekt, men greit nok. Dette er den tredje strikkagenseren Henning har fått etter jul,og alle er strikka med raglanfelling. Synest det er veldig lettvindt med raglan, så eg er litt hekta på det for tida!

21 april 2007

Veske i Eskimo



Her er ei av favorittveskene mine! Denne strikka eg for eit år sidan. Garnet er Eskimo og mønsteret ligg gratis på nettet her.
Einaste endringen eg gjorde, var at eg hekla ein blome og festa på veska til pynt!
Lappetausa har strikka den same veska i ein annan fargkombinasjon. Garnet er kjøpt hos En rød tråd.

Sokkar i Løve Raggsokkgarn



Desse gjekk det kjempefort å strikke for garnet er ganske tjukt. Pinnar nr. 4 (for det har eg i bambus)og 40 masker. Passar perfekt til str. 38 og er kjempegode!

Gråtass gensar




Eg har laga meg ein ny kategori som heiter Ferdig 2007. Tenkte det kunne vere kjekt å få ei oversikt over alt eg lagar i løpet av eit år! Denne gensaren blei påbegynt hausten 2006, men ikkje fullført før i januar i år. Mønster og garn frå Dale. Str. 4 år. Gensaren skulle eigentleg ha hette, men eg valde å lage vanleg hals. Litt liten i størelsen, men elles er både eg og eigaren veldig fornøgde!

20 april 2007

Fredagskos




Mykje å kose seg med i kveld. Var inn til Ingun på Primula Design i dag. Kjøpte både bok og mønster! I postkassa fekk eg siste nummer av Quiltemagasinet. Masse fint denne gongen!

Hjortar på besøk



I kveld kom desse sju svoltne hjortane ned frå skogen for å spe på kosten. Koseleg med besøk!
Bildet er knipsa frå trappa mi. Eg har ikkje sett meg inn i korleis eg skal få betre bilder ved zooming, så bildet kunne sikkert ha vore skarpare!

18 april 2007

Skjerf i Falk og Popcorn

Her er skjerfet som eg kjøpte garn til i påskeferien! Raskt og kjekt å strikke (to kveldar). Skjerfet blei veldig mjukt og godt, og eg har allereie brukt det mykje! Posted by Picasa

17 april 2007

Våren er komen....igjen!

Eg har fått meg nytt kamera og driv no å prøvar det ut. Her er minstemann knipsa i det han øvar seg på sparkesykkel! Ikkje så enkelt, men humøret er på topp! Han har nettopp vore på besøk hos mormor og morfar, og der har dei funne fram denne gamle strikkagensaren frå loftet.. Trur den er strikka av svigerinna mi tidleg på 90 - talet.Posted by PicasaGjer forsatt nytta!

Syboks blei sminkepung

Denne vesle pungen sydde eg i påskeferien. Det var lenge sidan sist eg hadde sydd på maskin, så det var spanande å sjå om eg fekk det til. Tok ikkje lang tid og gav meirsmak!Posted by Picasa

April-søndag i fjæra

Posted by Picasa

Å, tenk at Gråpus har fire små.....

.....fem faktisk! Og Gråpus heiter Hermine. Desse søte kattungane fekk ho for ca. ei veke sidan! Førebels er dei fredelege og kosar seg i korga...Posted by Picasa

14 april 2007

Opal Neon

Desse strømpene var ferdige før påske. Er strikka i Opal Neon. Dame str. og skal sendast nordover i bursdagsgåve.

11 april 2007

Nok ein stitchery UFO

Har også denne stitchery løparen liggande. Eg var på kurs med Helle C. E. Løvenskiold då det var Vestlandstreff hausten 2006. Kjekt og lærerikt kurs! Men etter kurset blei løparen dessverre liggande.......Håper no at eg kan få fullført han i løpet av våren/sommaren!


10 april 2007

Møte i Lappeklubben


I kveld var det møte i Nordfjord Lappe-og Quiteklubb. Eg hadde med meg dette stitchery bildet som eg begynte på for over eit år sidan..... Tenkte eg kunne sy litt på det i kveld, men kom ikkje så langt. Det blei sydd pose til rullekniven i staden for. Posen er sydd for hand av filt og bomullstoff. Applikasjon til pynt. Skal sette inn bilde seinare i veka når eg har fått det nye kameraet mitt!



08 april 2007

Einsfarga Opal

I dag viser eg fram litt av garnlageret mitt. Her er alle 100 grams nøsta mine med einsfarga Opal! Kjøpte ein kartong på tilbod hos Mauds garn i vinter. Pluss at eg har kjøpt nokre hos En rød tråd på Eid. Imponerande eller?


04 april 2007

Inspirasjonsdag på Sandane

Tysdag var eg på besøk hos Lappetausa på Sandane. Kan anbefalast! Fyrst blei det litt shopping, sjølvsagt... I forhold til Eid er jo utvalet der heller dårleg når det gjeld stoff og garn, men det er alltid kjekt å kome til andre stader og sjå kva som finst! Eg fann eit garn som vi ikkje har på Eid, nemleg Popcorn frå Dale. Veldig spanande, berre ein svart tynn tråd med dottar i ulike fargar. Mange mogelegheitar her, og dei må sjølvsagt prøvast ut! Planen er å strikke vottar med dottar som skal tovast av det lilla garnet. Men det kan jo hende det heller blir ei tova veske, kven veit!
Her er ein meir forsiktig variant når det gjeld fargane. Dette skal bli eit skjerf. Det er allereie påbegynt og halvferdig! Ser veldig lovande ut. Sidan dette ikkje skal tovast vart det Falk i staden for Heilo.
Litt labbegarn blei det også.... Dette raggsokkgarnet frå Løve blei sterkt anbefalt av dama på butikken. Skal strikkast på tjukke pinnar, 4,5, var forslaget eg fekk. Garnet er veldig mjukt og dessutan nylonforsterka, så det skal vere veldig slitesterkt! Eg har strikka så mange labbepar med tynt garn og tynne pinnar, så no skal bli kjekt å prøve noko som går fort!
Etter handlinga, blei det middag og litt "jobbing" heime hos Elin. Her monterer eg påskepynten som eg har strikka. Måtte få litt hjelp av Elin med heklinga, sidan eg ikkje er så stø i det. Har tidlegare berre hekla luftmasker og stavar, dvs. oldemorsruter....Posted by Picasa

03 april 2007

Påskevask?


Kanskje er det på tide å legge frå seg handarbeidet og finne fram vaskeklutane? Neeeiii...
Men det er faktisk litt kjekkare å vaske viss ein får bruke heimestrikka klutar. Som de ser har eg eit lite utval i kjøkkenskuffa! Eg er særleg begeistra for mine Ballband Dishcloth, som eg strikka fleire av i fjor sommar. Mønster til desse klutane finn ein i Mason Dixon Knitting, som er ei fantastisk flott bok!

02 april 2007

Påskestemning

Falske blomar frå Europris skapar påskestemning i kjøkenglaset:)

Meir påskehandel

Hos Reidun på Eid Miljø blei det meir handel. Kjøpte Navia strikke-kit som inneheld to garnnøster med eit eksklusivt herleg ullgarn og mønster på "Futter". Spanande!


Påskehandel


Var på påskehandel saman med Elin i dag. Hos Ingun kjøpte eg to krus, eit fat og ein stoffbit! Vårlege saker:)