29 desember 2013

Nøff, nøff....


Fekk nokre timar på syrommet ein dag, 
og då blei denne løparen ferdig.
Det einaste som manglar er grisehalane.
Mønster:  AnnAKa.
 Feminint tilbehør kom i posten frå Hobbyklubben.
  Kjekk bok, særleg modellane først i boka.
På pinnane no.  Dvs. eg fekk for lite garn, 
så no er det pause frå dette prosjektet til butikken opnar igjen.
Strikkar denne lua i Air og Sky.
Fekk nok for lite garn pga av at eg brukar Sky i staden for Soul.
(oppdaga det først no...)

27 desember 2013

Tilbehør

Har nokre småplagg å vise fram i dag.  
Alle vart ferdige på tampen av året.
 Dennne halsen var julegåve til ei ung dame.
Den er strikka i bjørnebærmønster og går to gongar rundt halsen.
Garn: Sandnes Mini Alpakka og Sandnes Silk Mohair.
Denne lua har eg strikka til meg sjølv. 
La opp 130 masker på pinne nr. 3.
Strikka rundt i 30 cm.
Felte slik:
3 r, 2  rett saman
1 omg. rett.
2r, 2 rett saman.
snurp saman resten av maskene.
Garn:  Du Store Alpakk tynn alpakka. 
 Litt over eit nøste.
Skjerf som var nesten ferdig, blei fullført og gitt i gåve.
Mønster frå Dale.  Garn:  Dale royal alpakka. 2,5 nøste.
 Hals til son nr. tre.
Mønster frå Rauma garn, design voksen 222R.
Går to gongar rundt halsen.
Garn:  Inca alpaca og Alpaca silk.
 Tova vottar i eit Viking garn som eg ikkje hugsar namnet på.
 Berre tovinga mangla på at desse var ferdige.
Ønsker alle som er innom bloggen min,
ei fortsatt god jul!

12 desember 2013

"Nissegaver"


Eg har sydd ferdig ein juleløpar, 
som eg begynte på før jul i fjor.
Det er AnnAKa som har designa dette mønsteret,
"Nissegaver".

09 desember 2013

Advent

 På tide med eit  livsteikn i ei travel adventstid.  
Eg har sydd ei lita adventsbrikke. 
 Kjøpte mønster og stoffpakke av Ingun på Primula design.
Denne brikka har kollegaen  min Ann Margret sydd.
Samme pappmalar som er brukt i Annes sommerduk.