27 februar 2008

Strikkemor(o) på kjøkkenet.....

Det enkle er ofte det beste.... I dag baka eg bollar etter oppskrifta bak på mjølposen. Dei blei kjempegode!! Må legge til at eg brukte margarin og ikkje olje, og litt kaffifløyte blanda med vatn, i mangel på melk! Brukte også gjær for søt deig. Kardemommen droppa eg, synest kardemommemengda er altfor stor i dei fleste oppskrifter! Kva seier dei andre Mat og Helse- lærarane? Eg må innrømme at sjølv om eg underviser i dette faget i år, ikkje har det med i utdanninga mi....og ikkje er eg spesielt flink til å lage mat heller. Men eg likar mat, og visse personar her i huset påstår at eg tenker på mat heile tida.....hmmmm.....Men med mann og fire sønner på 4, 12, 17 og 19 år, er kanskje ikkje det så rart heller, for det blir faktisk ein del matlaging!!


Når eg først er på kjøkkenet, vil eg vise fram desse fine gryteklutane som ei av tantene til mannen min har strikka. Ho masseproduserte desse i mange år og gav vekk til slekt og venner. Om ho fortsatt strikkar, veit eg ikkje. Ho bur i Kristiansand og nærmar seg 90 år. Gryteklutane er strikka dobbelt og etterpå er det hekla på ein kant rundt og hemper. Kjempefine og gode å bruke og!

26 februar 2008

AnnAKa-pose

Søndag fekk eg sydd denne AnnAKa-posen med plastvindauge. Eg kjøpte mønster hos Ingun på fredag, så dette var raskt levert for å vere meg! Det var veldig kjekt og lærerikt å følge mønsteret punkt for punkt. Denne posen kan ein faktisk sy utan ein einaste handsaum. Eg har brukt blomstrete Amy Butler og einsfarga Kaffe Fassett-stoff.
Slik ser posen ut utan noko i.
Eg hadde berre ei handkleklype til å feste i nedbretten oppe på posen, så i dag var eg innom Libris for å kjøpe ei dokumentklype av typen som AnnAKa har brukt! Kult, hadde aldri kome på dette sjølv! Eg har fylt posen med glidelåssamlinga mi. No har eg planar om å sy mange fleire posar av denne typen..........

24 februar 2008

Det går i orasje

I dag tok eg med meg bølgeteppet ut for å lufte det litt. Eg er nemleg lei av å ta bilder inne! Men eg måtte halde meg under tak sidan det regna frykteleg i dag! Eg har hekla 20 cm sidan forrige søndag, så no er teppet 70 cm langt. Fortsatt veldig kjekt og avslappande arbeid!
Eg er komen litt over halvvegs på trekantsjalet, men dette er utruleg keisamt!
... Så difor har eg begynt på desse vottane i Fabel!

22 februar 2008

Vinterferieshopping

Eg hadde meg ein liten butikkrunde i dag og kom heim med både det eine og det andre! Hos Ingun fann eg to mønster som er nye, eit AnnAKa og eit Sara Bolster. Eg kjøpte også ein stoffbit som er blåturkis og plast til pynteposane. Håper eg får tid til å sy desse i næraste framtid!
Hos "En rød tråd" kjøpte eg dette nøstet med sokkegarn. Dette merket har eg ikkje prøvd før, så det skal bli spanande!

21 februar 2008

Bursdag på slottet og her heime!

I dag på kongen sin bursdag (Gratulerer så masse viss du les dette!!), er minstemann fire år. Dessverre er han fortsatt sjuk, så det blir ikkje noko stor feiring i dag. Vi får ta det igjen til helga!
Her er bursdagsbarnet med "Rocke" som han fekk i bursdagsgåve.

19 februar 2008

Vinterferie og sjuke barn...

Denne veka har vi vinterferie, og det er herleg å ha fri sjølv om det regnar ute! Eg må uansett halde meg inne saman med minstemann som har hoste og feber, igjen.... Det er berre eit par veker sidan sist. Han har fødselsdag denne veka, så i dag fekk han denne filmen på forskot.
Sjølv har eg dette bladet, som kom i posten i går, å kose meg med!
AnnAKa har designa stilige spisebrikker!
Dette mønsteret var også enkelt og fint!

17 februar 2008

Søndagsoppdatering

Det har regna i heile dag, men vi var likevel ein liten tur i skogen og laga bål.
Det går framover med sofateppet i bølgemønster. Har begynt på den 13. stripa. Kvar stripe er ca. 4 cm, så då er vel teppet nesten 50 cm. Eg satsar på å lage det litt kortare enn det forrige, men må nok opp i 180 cm, trur eg. Det er fortsatt veldig kjekt, reine meditasjonen, faktisk!

14 februar 2008

Svigers på tur Down Under

Vi fekk dette koselege og sommarlege bildet på mail frå svigerinna vår i Australia. Svigerforeldra mine på 78 og 80 år er nemleg der på ferie no for åttande gong! Dei bur hos son og svigerdatter utanfor Sydney, men fartar på rundt omkring og skal besøke både Queensland og Tasmania.

11 februar 2008

Trekantsjal og nytt bølgeteppe!

Eg har sjølvsagt begynt på trekantsjalet mitt, og det er enkelt og kjekt å strikke! Eg skal snart begynne på stripene som er på midten, men eg måtte ta ei lita strikkepause pga. ryggsmerter. Så eg har begynt på eit nytt bølgeteppe(!!),for å sjå om det går betre å hekle. Denne gangen heklar eg i ull, dvs. superwash ull (juvel og falk) i fargane brunt, oransje, raudt, burgunder,oker, grønt, mosegrønt og grått. Eg har funne fram garn frå garnlageret mitt og kjem ikkje til å kjøpe garn til dette prosjektet. Stripene er litt breidare enn på bomullsteppet( sjå heading). Kvar stripe er fire omgangar, og det går med nesten 50 gram til kvar stripe. Mønsteret finst her.

06 februar 2008

Trekantsjal i alpakka

I går fekk eg pakke i posten frå QuilteHuset i Bergen. Eg blei frista då eg såg dette sjalet i Husflidtausa sin blogg for nokre veker sidan........

03 februar 2008

Alle gode ting er tre.....

Denne veka har eg strikka ferdig desse Opalsokkane som eg begynte på i fjor sommar. Str. dame. Sokkane var 75 % ferdigstrikka, så eg er ikkje så produktiv som det kan sjå ut til på dette innlegget.
Eg har også strikka ferdig to par med tjukkelabbar i "LØVE RAGSOKGARN" som eg kjøpte på Sandane i fjor. Dette garnet er tjukt og eg har brukt pinnar nr. 4. Det blå er str. 28/29 og det lyse str. 38. Veldig mjuke og gode sokkar!