07 september 2017

Årets produksjon så langt

 Eg har hatt ei lang bloggpause, 
men har lenge tenkt på å gje blogginga ein ny sjanse.
Litt av forklaringa på mangelfull blogging, 
kjem vel av at eg har oppdaga instagram.  
Instagram er veldig lettvint og enkelt,
 når du berre brukar kameraet på mobilen.
 Eg har hekla to restetepper i år.  
Det øvste er hekla i tjukt garn frå lageret mitt.  
Mange ulike garntypar og kvalitetar.  
Funka fint med v-stitch-mønster.  
Det blei varmt og godt! 
Det andre er hekla som ei stor oldemorsrute i bomullgarn.  
Mest Mandarin Petit frå Sandnes.
Elles har det blitt nokre sjal, sjølvsagt.
To strikka og to hekla.
Det grøne er strikka i c2c mønster.  Det var artig å prøve på sjal.
Det sommarlege lyserosa er hekla etter eit Drops-mønster 
i garnet Spøt frå Sandnes.
Det gule med bladmønster kjøpte eg garn til i London i påska.
Det er eit Debbie Bliss mønster og garnet er og hennar.
 To par vottar.  Drops og Sandnesgarn.
Den første jakka var ferdig før jul, for den var julegåve til Lappetausa, 
så den høyrer med til 2016-produksjonen. 
Jakka i midten er strikka i Mandarin Petit og AlpakkaSilke.
Eit mønster frå ein av sommarkatalogane til Sandnesgarn.  
Den grøne jakka er i Line og AlpakkaSilke,
 og er eit mønster av Marte Helgetun.

6 kommentarer:

Elin T. Grov sa...

Velkomen tilbake i blogglandet! Her er mange gode og varme plagg, og fine bilete som alltid!

Timotei sa...

Men for en produksjon! Du har jammen vært flittig. Nydelig arbeid! Prøver meg litt på instagram jeg også, men synes ikke jeg får til like bra bilder med mobilen min. Kommer nok til å blogge framover også, selv om det ikke er helt det samme som da jeg startet for ti år siden :)

Lisbeth Severinsen sa...

Her var mye flott, god høst til deg !

solveig sa...

Kor mykje fint du lagar!
Eg har som mål og blogge meir.
På bloggen går dei som vil inn.

Ruths datter sa...

Masse fint du har laget.Kjekt å se.
Ønsker deg en fortsatt god helg.
Klemz

Snuppesnella sa...

Kjekt å sjå alt det fine du lagar !
Skulle likt å finne deg på Instagram,