03 november 2007

"Soul"

Denne veka har eg strikka hua "Soul" frå Kim Hargreaves. Eg blei inspirert av BenteB sist vinter og kjøpte ein strikke-kit frå England med garn, perler og mønster, og så har det berre blitt liggande. Men no er ho altså ferdig og gitt vekk til mora mi. Garnet er eksklusivt og kjempeherleg! Det gjekk med ca. 75 gram. Pinnar 4 og 4,5. Sjå også Syersken si lyseblå utgave!

7 kommentarer:

Besta sa...

Denne fekk eg lyst å lage!!!! Har du høve til å legge den ut på bloggen?

Elin sa...

Kjøpte du berre ein kit av dette? Denne hadde jo passa perfekt til tanta og! Nydeleg, rett og slett!

Anonym sa...

Knall fin :)

Anonym sa...

Tusen takk for den fine lua, trur nok mange vil misunne meg den!
Det gjekk fint med turen til hytta, stenging vatn m.v. for vinteren, hadde sett på yr.no kor tid på dagen veret var best - og det klaffa faktisk. Kjøpte 10kg frosen lettsalta torskefilet ++ hjå Larsen i Kalvåg. I dag har besten kjørt Eidsgt.jentene på skulen og eg har vore i Kvh.v. SFE-kontrollør frå kl 09.00, full gjennomgang frå loft til garasje + ny automatisk målar, så her er det full rulle. eidabesta

[morgrethe] sa...

Så fin den ble. Ser avansert ut. Så BenteB hadde strikket ei ny lue som hun har designet selv. Hun strikker så mye fint, men det gjør du også. Takk for koselige kommentarer på bloggen min, det er alltid så hyggelig. Ha ei fortsatt fin uke:-)

Marie sa...

Nydeleg lue! Eg kunne tenkt meg og strikka den til meg sjølv og kanskje til jentene mine.

Besta sa...

Eg er litt bekymra for korleis det går med hovudet ditt. Det er nokre dagar sidan du hadde noko på bloggen og derfor lurer eg.
Eg har festa trådar etc. på ferdige plagg, men blir nok nødt til å ta ei strikkepause no.