26 desember 2015

Juledagar

Eg hadde ein god strikkeperiode i haust 
og fekk gjort ferdig ein del uferdige større prosjekt.  
Eit av dei var denne "Nordkapp"-kofta, 
som eg begynte på i 2013.  
Den blei dessverre altfor lita til meg, 
så då hadde eg plutseleg ei julegåve til ei ung dame.
      
Kofta er strikka i Smart frå Sandnesgarn.
  Det garnet er for tungt for meg å strikke med, 
noko som er grunnen til at det har tatt så lang tid å få den ferdig.
Eg har lyst til å strikke den igjen til meg sjølv,
men då kjem eg eventuelt til å bruke alpakka i staden for Smart.
  

 Etter at eg var ferdig med kofta, blei det fram med heklekroken. 
 Dette pleddet begynte eg på i september,
 og det var enkelt og avslappande å jobbe med.
Pleddet blei også julegåve, 
sidan det har begynt å hope seg opp med heklapledd her heime.
Mønsteret er Granny stripes, Attic 24.
Garnet er Daletta frå Dale.