30 januar 2008

Oransje labbar

Nok ein ufo ferdig. Eit par orasje labbar i Fagstrikk sitt labbegarn. Frisk og fin farge!

29 januar 2008

Det stive/harde sokkegarnet mitt


I dag har eg vore heime med Henning som har hatt feber og vore forkjøla sidan laurdag. Vi har sove dårleg dei siste tre nettene, så det var godt å ta det litt med ro i dag. Det har vore lyst og fint ute i dag, så eg måtte ta med meg garnkorga med det stive/harde sokkegarnet mitt ut for å ta eit bilde. Fine fargar ikkje sant!? Eg skal prøve å strikke opp litt av det, men merkar at det ikkje er så bra for armar og rygg å strikke for mykje av dette garnet.

28 januar 2008

Årets første garnsprekk!

I dag hadde eg eit lite sprekk. Eg har vore sååå flink og ikkje kjøpt garn etter nyttår, men i dag blei altså freistinga for stor! Sandnes har kome med eit nytt hefte med mange flotte damemodellar! Sjå berre her! Eg kjøpte heftet og tre nøster med Sandnes alpakka som eg har tenkt å bruke til modellen over, som eg likar kjempegodt!! Eg må seie til mitt forsvar at eg berre kjøpte dette garnet for å få brukt opp noko anna garn (mange nøster med brunt i samme kvalitet) som eg har liggande! Må ha i alle fall ein farge til. Skal sjå på ein annan butikk om eg finn fleire fargar der.
Denne hekla jakka på framsida er også kjempefin!

Tjukke-labbar

Eg har tatt føre meg garnkassa mi med tjukt og grovt sokkegarn av god gammaldags kvalitet. Dette paret er strikka i eit ekstra tjukt islandsk garn på pinnar nr. 4. Det gjekk veldig fort å strikke desse, men eg synest garnet var for hardt å strikke med. No har eg begynt på eit nytt par i Rauma sitt labbegarn.

27 januar 2008

Tova vottar med dottar

Denne veka har vore travel, og det har blitt lite strikking. Men no i helga har eg strikka desse vottane til niesa mi, Ingrid. Dei er strikka i Heilo og Popcorn frå Dale. Mønsteret er frå eit Dalehefte med masse fint tilbehør. Eg strikka eit par i fjor vinter/vår som eg gav vekk i julegåve. Dei fall visst i smak, for no ville altså systra hennar ha samme sort! Sidan eg har gitt meg sjølv forbod mot å kjøpe garn på ei stund (har faktisk ikkje kjøpt eit einaste garnnøste hittil i år!!), måtte eg ta frå lageret. Eg hadde litt knapt med Popcorn igjen frå forrige par, så eg fekk ikkje "dottar" heilt i starten og på tomlane. Vottane er tova, men eg er litt usikker på om dei må ha ei runde til i vaskemaskina..
Då eg fotograferte vottane, fann eg ut at denne julestjerna, som sto rett ved sidan av, fortente eit bilde på bloggen. Ho står nemleg nesten like fin enno, og ser ikkje ut til å ville visne med det fyrste.
Tar også med eit bilde av denne flotte blomsterkrukka som eg har kjøpt hos Primula! Som de ser les eg siste boka til Anne B. Ragde, men det går heller sakte. Synest boka er litt keisam.

25 januar 2008

Ekstremveret "Sondre" / The storm today!

Denne brua fører over til ei lita øy, som vi ikkje såg noko til i dag.

I dag har vi hatt litt av eit ruskever her! I elva var det springflo, noko som vi opplever eit par gongar i løpet av hausten/vinteren. Då stig vatnet opp til ein meter over vanleg flo. Her er nokre bilder som eg tok då eg kom heim frå jobb. Floa var på veg tilbake og vinden hadde roa seg.
Til samanlikning; elva tysdag ettermiddag.

23 januar 2008

Sokkar til minstemann

Det blei litt garn igjen etter det forrige sokkeparet eg strikka. Det heldt akkurat til eit sokkepar i str. 28/29, som blei tatt i bruk med ein gong!

19 januar 2008

Januarver og Opal

I dag har det vore skiftande ver. Det har vore blå himmel, striregn og haglebyer. Men det er ikkje verst for oss som har mykje kjekt å finne på inne....
Desse sokkane er strikka i 6-tråda Opal Blues. Kjøpte garnet hos "En rød tråd" i desember, så det er vel min ferskaste men langt frå siste Ufo som her er fullført!

18 januar 2008

God helg!

Pusen vår, Hermine har lagt sin elsk på Spidermanteppet! Eg har blitt utfordra av Ronille til å svare på desse spørsmåla……. Konseptet er å fatte seg i kortheit, og skrive eit ord om alle tinga under.

1. Hvor er mobilen din?
I gangen
2. Skildre kjæresten din?
Arbeidsam og ansvarsfull
3. Håret ditt?
Mørk blondt, relativt kort
4. Moren din?
Snill og omsorgsfull
5. Faren din?
Flink til å male
6. Hva er favoritt tingen din?
Strikketøyet
7. Hva drømte du om i natt?
Hugsar ikkje
8. Hva drikker du helst?
Vatn og kaffi
9. Drømmebilen?
Saab 95 stasjonsvogn, mørk blå
10. Hvilket rom er du i nå?
Ungdomsstova
11. Eksen din?
Har vore saman med mannen min sidan eg var 18
12. Din største skrekk?
mus
13. Hva vil du være om ti år?
Bestemor og Lottomillionær
14. Hvem var du sammen med i går kveld?
Familien
15. Hva er du ikke?
Einsam
19. Det siste du gjorde?
Slappa av på sofaen
20. Hva har du på deg?
Dongeribukse og gensar
22. Favorittboka di??
Bøkene til Jane Austen
23. Det siste du spiste?
Middag
24. Livet ditt?
Priviligert
25. Humøret ditt?
Godt
26. Dine beste venner?
Få men gode
27. Hva tenker du på akkurat nå?
Kva for ein ufo eg skal begynne på
28. Bilen din?
Drømmebilen
29. Hva gjør du akkurat nå?
Slappar av
30. Sommeren din?
Ein tur til utlandet
31. Sivilstatus?
Gift
32. Hva er på tv-en din akkurat nå?
Har ikkje peiling
33. Når lo du sist?
Ved middagsbordet
34. Når gråt du sist?
Hugsar ikkje
35. Skole?
Min arbeidsplass
Eg utfordrar vidare Juliann!

17 januar 2008

Herresokkar i dobbel Opal

UFO nr. tre er ferdig. Desse herresokkane er strikka i dobbel Opal. Leggen er strikka i Magi og Opal.

16 januar 2008

Sjal i navia

Eg har gjort ferdig dette enkle sjalet som blei påbegynt og nesten strikka ferdig i fjor haust. Garnet heiter navia og er ei herleg blanding av ull frå Færøyane, Shetland og Australia. Eg strikka etter eit mønster som eg fann på ein blogg, hugsar ikkje kva for ein.
Det er slik:
Legg opp 5 masker. Rettsida: 1m, 1 kast, rett til midten, 1 kast, 1m, 1 kast. Rett til det gjenstår 1 m, 1 kast, 1 m. Pinnen tilbake skal strikkast kun i rettmasker. Strikk til det er 250 masker eller lenger.
Nede på sjalet har eg sydd på nokre hekla blomar. Desse kan eg ta vekk viss eg finn ut at eg ikkje vil ha dei. Lurer på å hekle ein blomst som eg kan ha som nål framme og. Eg har også hekla ein kant rundt to av sidene. Den tredje sida har ein fin holkant som blir danna av aukingane i sidene.

14 januar 2008

Vottar i Sisu

Eg er litt inspirert for tida til å gjere ferdig nokre av ufo'ane mine! I helga strikka eg ferdig dette votteparet som har vore nesten ferdig i over eit år. Det mangla faktisk berre å strikke ein tommel...... Mønsteret fann eg i ei bok som heiter "Vakre gaver" av Liv Schackt Aure. Dei er strikka i Sisu frå Sandnes.

13 januar 2008

"You make my day" award

Denne utmerkinga har eg fått av Ronille. Det er veldig koseleg å få så positiv tilbakemelding frå andre bloggarar! Eg skal visst gje utmerkinga/awarden vidare til ti andre. Eg vil gje han til nokre av dei som eg er inn om kvar dag, nemleg: Ronille, Timotei, Felisi, MorGrethe, ToneM, Lappetausa, Besta, Ortentrovag, BenteB og Marie. Alle desse finn de på blogglista mi.

12 januar 2008

Årets første strømpepar


"Yarn over Cable"-sokkane blei ferdige i går! Dei er strikka i Opal Uni på pinnar 2,5 mm. (Mønster lenger nede på sida). Grunnen til at det har tatt litt tid å få dei ferdige, er ikkje at mønsteret er vanskeleg eller treigt å strikke, men fordi eg har vore så oppslukt av å lese den nye serien, Landsbyliv. No er eg ferdig med dei fem bøkene som er publisert så langt (ny bok i febr. ). I kveld skal eg bygynne på "Ligge i grønne enger" av Anne B Ragde.

Quilte/strikketreff


I dag hadde eg besøk av systra mi, LilleMø og tanta mi, Lappetausa. Lillemø strikkar Fanagensar og Lappetausa syr til ein lukkekant for hand. Sistnemde strevar med å få alle UFO'ane sine ferdige, og eg må seie ho gjer ein god jobb! Ho viste nemleg fram fire ferdige på bloggen sin sist søndag, og i morgon blir det truleg tre til! Vesten som Lappetausa har på seg blei strikka av LilleMø for 25 år sidan. Han er truleg strikka i Peer Gynt og er fortsatt like fin! Vestar er eigentleg veldig praktisk plagg, så eg trur eg må strikke meg ein snart. Eg kjøpte eit PT hefte i fjor med mange fine modellar........

09 januar 2008

Årets ...hmm...tredje utskeiing!

I dag begynte salet her, og eg gjekk innom Libris-butikken for å sjå etter hobbybøker på sal (sjølv om sjansen for å finne ei som eg ikkje allereie har, ikkje er så stor...). Eg såg fort denne boka og den måtte eg berre ha! I love it


08 januar 2008

Årets andre utskeiing!

I kveld var eg på møte i den lokale lappeklubben. Eg kom heim med dette heftet som inneheld mønster på 12 koselege applikasjonar med tekst (noko å leve opp til i det nye året!)! Dei kan syast kvar for seg eller settast saman til eit teppe. Kjekt å ha!

06 januar 2008

Årets første utskeiing....

I går kom eg heim med mønster og to stoffbitar kjøpt hos Ingun på Primula.
Eg har hatt lyst til å sy desse spisebrikkene heilt sidan eg såg det nye AnnAKa-mønsteret like før jul! Så får vi sjå kor tid det blir.....
I dag måtte eg sy ei ny gardinkappe til kjøkkenet.
Eg har rydda vekk jula denne helga. Er av dei som må få julepynten fort vekk etter nyttår.

04 januar 2008

På pinnane.......

Godt nytt år! / Happy New Year!
Her er det som eg strikkar på for tida! Eg er ferdig med første sokken i "Yarn over Cable"-mønsteret og har lagt opp til nr. to. Opal er berre eit supert garn! Eg likar det betre enn både Sisu, Regia og Fabel. Tanta mi, Olaug, har rett i at det gir meir ullfølelse! Denne Uni-fargen er mest riktig på utebildet lenger nede på sida.
Eg har dessutan funne fram Jubileumsgensaren til Norges Skiforbund (100 år i år..), som eg i følge bloggen min begynte på i begynnelsen av august. (Det er greit å kunne gå tilbake og sjekke. Eg trudde det var i haustferien, tida går jammen fort!) Eg har ein tendes til å bli fort lei av sånne litt større prosjekt, men no må eg ta meg saman og fullføre gensaren, skal eigaren ha noko glede av han denne vinteren. Eg har strikka ein halv erm denne veka. Ermen har ei flette midt på, heldigvis, elles hadde det vore veldig keisamt... Men no skal eg snart begynne på ei mønsterbord. Strikkar str. S til 12-åringen.