22 februar 2016

På pinnane


Eg har begynt å strikke eit skjerf i perlestrikk. 
 La opp 42 masker på pinne nr. 5,5 
med dobbel tråd eintråda Navia.
Reknar med å bruke tre nøster i alle fall.
Det er ikkje det mest spanande arbeidet,
men det hjelper å ha desse fantastiske 
firkanta KnitPro-pinnane :)

21 februar 2016

Lukkekantar

 Lukkekantar var alt som mangla på denne løparen 
og dei to små brikkene.
No er dei endeleg heilt ferdige!
Litt sommarlege og vel rosa til denne årstida,
men løparen kan kanskje gå til påske.
Den er sydd etter eit AnnAKa-mønster.

17 februar 2016

Veggteppe

 Eg har vinterferie denne veka og ferierar heime.
Det betyr at ein får gjort litt av kvart,
 i tilegg til å slappe av.
Dette vesle veggteppet har eg jobba med ei stund,
 og no er det endeleg heilt ferdig. 
 Nest eldste sønn kjøpte seg hus for eit år sidan,
og han spurde om eg ville sy eit lite teppe 
til å dekke over sikringskapet i gangen. 
 Det hadde ingen hast, for han måtte male og pusse opp litt.
Gangen er malt (for lenge sidan) i ein gråblå farge, 
så forhåpentlegvis vil dette passe i fargane.
Det var vanskeleg å få eit godt bilde i dag.
Men får ta eit betre når teppet er på plass der det skal henge.
***
Teppet er sydd av ein ferdigpakke med passeleg store kvadrat
 til den minste twisterlinjalen.
 Elles har vi passa pusen til den same sønnen nokre dagar.
Det er veldig spanande for Max.  
Dei er ikkje akkurat bestevenner, 
men går ganske godt i lag.
Max ser etter pappa og Kornelius på fuglelivet på elva.

07 februar 2016

Ponchoen alle vil ha

 Første finish i februar er Ponchoen alle vil ha.


Eg har strikka ponchoen før, då i ein mørkeblå farge.
Hadde lyst på ein lysare variant også,
så eg begynte på denne i fjor haust.
Men då var eg for dårleg i armane til gjere den ferdig. 
 No gjekk det heldigvis fint.