31 oktober 2008

Andy Kaufman as Elvis

Andy Kaufman var kjend for å begynne showet som "utlending" med nokre tilgjort dårlege imitasjonar, for så å gjere ein skikkeleg bra Elvis imitasjon etterpå. Her er eit eksempel på det.

Man on the moon

For nokre år sidan hadde eg denne sangen på hjerna.
I dag høyrde eg den på radioen igjen, og då var det gjort. Teksten handlar om og er ein hyllest til Andy Kaufman, som eg ikkje hadde høyrt om før eg fekk historia bak R.E.M sangen Man on the moon. Har ikkje sett filmen med samme tittel. Har dokke?

29 oktober 2008

Ny bok av Kathrine Gregersen

I går fekk eg endeleg denne koselege boka i posten. Boka har tema gjenbruk og tek føre seg mange materialer som garn, tekstil, papir, tre, metall og glas. Den har også eit eige kapittel om lapping og stopping!
Desse bamsane og dokkene er det mønster på i tre ulike storleikar og med full garderobe!

Enkle sokkar i Sisu

Ikkje mykje å skryta av akkurat, men litt strikking blir det da. Damesokkar i lilla Sisu på pinnar 2,5.

26 oktober 2008

Kurs med Patricia Iden

Denne helga har eg vore på kurs med Patricia Iden.
Det er faktisk to år sidan sist eg var på eit lappeteknikk-kurs,
så det var vel på tide...
Vi fekk blant anna lære å sy stitchery på maskin.
Her demonstrerer Patricia dei ulike saumane ho brukar.
Patricia hadde sydd denne løparen som vi fekk mønster til.
Døme på korleis det ser ut med maskinsydd stitchery med
Lenes silketråd.
.....Eller korleis det kan sjå ut, etter mykje trening sikkert.......
Desse englane er også sydde av Patricia på maskin!

Dei som ville kunne begynne på denne julegardinkappa, som ho kallar "Skomakargata".
Den er satt saman av mange ulike hus. Masse koseleg applikasjon!
Patricia si kappe er over to meter og kjempeflott!
Her er modellen på det første huset som heiter "Klinkekulehuset".
Og her er "Klinkekulehuset" mitt.
Det manglar berre litt applikasjon, før eg kan begynne å sy på maskin.
Eg fekk ikkje produsert så mykje meir enn dette, men eg lærte mykje nyttig om symaskina mi.
Begge dagane åt vi herleg lunch på hotellet, så det var sosialt og kjekt og!
Elin hadde med dei to bøkene som ho kjøpte til meg i Bergen sist helg!!

19 oktober 2008

Ufo ferdig

Kattungen vår er blitt så stor no.
Han er veldig interessert i garnnøster, målband og strikkepinnar - som alle andre kattungar :-)
I dag har eg festa trådar og hekla kant rundt dette vesle sjalet i
Mirasol alpakka.
Fargen er vanskeleg å få riktig her, men det er ein nydeleg turkis (melert) farge.
Ikkje så skarp som på bilda her.
Our little kitten and a shawl I have finished....

Søndagstur i oktober



These photos are taken from our boathouse.

18 oktober 2008

Ny brødboks

Forrige laurdag var eg på besøk hos Lappetausa på Sandane.
Der kjøpte eg meg blant anna ny brødboks. Vi har i fleire år hatt ein brødboks som har vore altfor liten (dvs. ikkje plass til to brød ++). Eg blei difor glad då eg tilfeldigvis kom over denne med god plass til minst to brød!
P.S. Dette er eit eksempel på at ein kan blogge om nær sagt alt mogeleg.....he he......

14 oktober 2008

Nåleputepakke nr. 2

I dag fekk eg pakke frå Australia igjen. Det var den andre pakken i "Pincushion of the month". Denne gongen fekk eg alt som trengst for å sy ei superromantisk nålepute med både stitchery og sløyfe med perler. Designaren denne gongen er "Crab-apple Hill". Nåleputa fekk meg til å tenke på det engelske kongehuset, særleg den avdøde dronningmora :-)

13 oktober 2008

Adventskalendar og god bok

Eg fekk ikkje gjort så mykje husarbeid som eg hadde tenkt i haustferien, men eg fekk da gjort forskjellig anna. Blant anna jobba litt med dei to juleprosjekta mine. Adventskalendaren til AnnaKa er ferdig applikert, manglar berre å sy rundt alle delane. Eg tenkte litt på å gjere dette for hand, men etter at eg blei fortruleg med applikasjonssaumen på maskina mi igjen, bestemte eg meg for å sy på maskin. Trur det er større sjans å bli ferdig i år då, sjølv om det er fint med handsaum.

Denne adventskalendaren er eit prosjekt for dei som er veldig glade i å applikere, og det er for så vidt eg. Synest dei fire nissebarna er kjempesøte!
Eg har dessutan klart å fullføre ei bok. Dette er ei lettlest, kjekk og annleis krimbok som eg vil anbefale. Den handlar om ei afrikansk kvinne som startar eit detektivbyrå når faren dør og ho arvar pengar etter han. Små artige historier frå afrikansk miljø, og ein hyllest til Botswana.

Haust

Når ein berre har godtatt at sommaren er over, er hausten ei fantastisk årstid!

10 oktober 2008

Sydag med Lappetausa

Det har blitt ein tradisjon, at Lappetausa og eg møtast til ein hobbydag når vi har ferie .
I går kom Lappetausa hit med juletrematta si som skulle quiltast og syast lukkekant på.
Lappetausa er ei svært dyktig og effektiv dame, så quiltinga gjekk som ein draum!
Elin i full konsentrasjon. Her førebur ho ei ny engleblokk i denne serien.
Strømper i lange baner!!
Eg har også begynt på juletrematta til AnnAKa. I går fekk eg laga til alle strømpene til teppet. I motsetning til Lappetausa, som kjøpte ein kit med stoff og mønster, brukar eg stoff frå lageret mitt. I dag fekk eg montert alle stømpene på dei tolv seksjonane, manglar berre hjartene.
Eg såg i dag at det er veldig praktisk å ha ei tavle over strykebrettet. Mi er laga av ei isoporplate trekt med stoff.

08 oktober 2008

Tur til Sunnfjord

I dag var eg ein tur til Førde saman med systra mi og jentene hennar. For ein gongs skuld var ikkje eg sjåfør, så eg kunne knipse bilder gjennom bilglaset i staden for......
Her er vi på veg heim i femtida. Det er vakker natur langs Jølstravatnet, ikkje rart Nikolai Astrup blei inspirert til å male her.

Våtedalen.

Her traff vi på ein flokk geiter i vegbana.
Ikkje uvanleg, men greit når ein er førebudde på det!

06 oktober 2008

My forest friends

Eg har meldt meg på "Pincushion of the month" hos denne australske nettbutikken.
Det går ut på at eg får ein pakke kvar månad med alt som trengs for å sy ei nålepute (eller to..).
Den første pakken var designa av Squirrel Momma.
Det var kjekt å lage noko i filt, og resultatet blei ganske bra. Eg sydde alt for hand.
Med i pakken var også ei søt jordbær-knappenål (..sjå pinnsvin...)
Blir spanade å sjå kva som kjem neste gong - trur eg skal få nok nåleputer til slutt :-)