30 november 2008

Klar for 1. desember

I dag har eg lagt siste hand på "verket" når det gjeld adventskalendaren. Eg er glad for at eg starta så tidleg som eg gjorde (sept.?), for eg er ikkje av dei raskaste ved symaskina.... Men ferdig blei eg og ganske fornøgd med resultatet. Den er langt frå perfekt, men eg har lært mykje undervegs. Å sy etter eit AnnAKa-mønster er veldig lærerikt og kjekt. Reine kurstet.
Det er ikkje tilfeldig at eg har tatt bilde berre av den øvste delen av kalendaren etter at pakkane kom opp. Eg er nemleg ikkje komen lenger enn til 9. desember med å henge opp pakkar. Slik har det vore dei siste åra. Det var berre då eg var ung mor i 20-åra, at eg hadde alle pakkane klare til 1. desember.......
Eg hadde store problem med stoppefoten og frihandsquiltinga no på slutten, for det er det mange år sidan eg har prøvd. Men eg fekk det no til på eit vis til slutt....

Kjøpte knappar og nokre av originalstoffa hos Ingun.

5 kommentarer:

arieldog sa...

Kjempefin!

Elin sa...

Eg må berre bøye meg i støvet! Tenke seg til å blir ferdig akkurat i tide. Du er kjempeflink, eg er stolt...

Anonym sa...

Den var utrolig fin. Mye jobb på den kan jeg tenke meg. (alle pakkene på kalenderen til 1 des har ikke jeg lenger heller, men før så var alt ferdig til 1 des)

Besta sa...

Kjempeflott adventskalender!
Eit arbeid du klan vere stolt av. Og gutane er vel ikkje for STORE til å opne pakkar på lenge enno?

Hildegard sa...

Gratulerer med ferdig adventskalender. Det blir vel ikkje vanskeleg å få opp Vesleguten om morgonane no?
Mamsen