22 november 2008

Adventskalendaren nesten ferdig!

I dag hadde eg besøk av
Lappetausa,
noko som alltid er kjekt og kreativt!
Eg fekk gjort ferdig lukkekanten på adventskalendaren min, så no er det ikkje så mykje som manglar på at den er ferdig.
Eg må sy rundt nokre hjarter, merke dei med dato, sy på ringar, sy ansikt på nissane, og nokre andre småting..
"Strikkefar" har funne fram lykta, sjølv om den er litt julete.....

7 kommentarer:

Lappetausa sa...

Du har ikkje lege på latsida siste timane, gratulerer med resultatet så langt! Nissefar treng premie i dag etter all snømokinga!

Husflidstausa sa...

Adventskalendaren blik kjempefin, og ferdig til advent antar eg. Lykta var kjempefin. Koseleg med tente lys no framover. Fortsatt god helg.

Hildegard sa...

Kjekt med ein slik heimelaga adventskalendar som ein kan ta fram kvar jul, fin tradisjon.
Vi tende stearinlys ute i snøen i kveldinga då eg og dei 2 minste i fam. laga snøhytter. Kjekt når snøen ikkje regnar bort med ein gong.
Mamsen

Timotei sa...

Adventskalenderen er kjempefin! Kan bare tenke meg hvor mye arbeid som ligger bak. Her hos oss har vi en brodert kalender laget av min mor og meg i fellesskap, men i år ville heller guttene ha "Haribo"-kalender fra butikken. Greit for meg som slipper å pakke inn så mange pakker...
Gratulerer med nytt salongbord også! Artig med noe nytt. Vi har også et gammelt bord med masse hakk og riper etter bilkjøring og aktiv leik. Nå har jo ungene blitt store, så det hadde vært koselig med nytt bord ja...

solveig sa...

Kjempefin adventskalender!
Snøen inspirerte meg og til å ta fram lykt. Olaug laga snølykter i snøen. Ho har vore ute i omtrent heile dag. No er det meir regn i lufta her.

Ingrid sa...

Kjempefin adventskalender : )

Solveig sa...

Flott adventskalender du har laget! Det må ha vært et ganske tidkrevende arbeid. Det er jo ikke lenge til den kan taes i bruk nå.