02 november 2008

Søndagstur og gjenbruk

I dag var det heldigvis mildare ver, og eg tok sjansen på ein liten fjelltur 400 meter "rett opp" fjellsida her.
Litt snø og is i stien øvst oppe, men det gjekk greitt. På setra var vatnet frose til is.
Det gjekk kjempefint med kneet som eg har vore plaga med i mange månedar no.
Kaffi, sjokolade og fyr på ovnen i selet.
Apropo gjenbruk:
Desse to teppene som ligg på benkane inne i selet, hekla svigermora mi på 80 år for nokre år sidan.
Oldemorsruter/ bestemorsruter er ein kjempefin måte å bruke opp små og store garnrestar. Trur svigermor har brukt både garnrestar og opprekt garn her.
Stolen under er forresten frå 1880, og like god!

7 kommentarer:

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Dette var eit fantastisk og litt spøkelsesaktig innlegg...første biletet er trolsk. Og så dei flotte teppa til Signe, ho er utruleg! Ta eit bilete av berre stolen neste gong, han høyrest antikk ut! Synd eg øydela den antikke skistaven i sommar, hehe...
Eg er i det spoky hjørnet i dag, vent og sjå eit innlegg seinare i kveld, uhuu...

Maret sa...

Slike tepper har ein altid bruk for, og gleden av bruken blir enda større når ein veit tilblivelsen..

Flotte naturbilder frå sætra, skjønar godt at du trives der oppe...
Ha ei fin helg.

Hildegard sa...

Artige bilder, koseleg innlegg.
Mamsen

Elisabeth sa...

Så nydelig svigermoren din har satt sammen teppene av oldemorruter. Det ble fint med mange ensfargede ruter innimellom! Koselig på setra, men det så veldig vinterlig ut nå...

eling sa...

Imponerande at du tør deg opp den bratte stien for tida. Eg har vel tenkt at det ikkje er framkomeleg der for tida, men då tok eg visst feil...
Nydelige tepper!

Timotei sa...

Å, så fine tepper! Synes du har tatt bildene så flott med stolen ute i naturen. Ser ut som et herlig sted! Spennende med gjenbruk, og så føles det veldig bra med alt som kan komme til nytte og brukes på en ny måte. "Bruk og kast" er det jo nok av.
Forresten, bloggen din har blitt så fin!

Felisi sa...

Nydelige naturbilder du har, de har en egen stemning.
Også så flotte tepper som svigermor har heklet! Lekre fargesammensetninger.