15 november 2008

Hyggeleg overnattingsbesøk

Denne helga har vi ei lita frøken på overnatting.
Ho er flink til å kose med kattungen vår, Ronja! Ronja fekk det namnet, fordi ho er så mørk og bustete i pelsen. Ho er dessutan litt rampete og "guttete", så det passa å kalle henne opp etter Ronja Røverdatter.....
Systra mi, LilleMø, kom med desse bøkene til meg i dag. Eg las første boka i denne serien for nokre veker sidan, og gler meg til å lese fortsettelsen!

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Kos dokke - sikkert kjekt og travelt(?) for alle gutane i familien med ei underhaldande kusine på besøk.
Eidabesta

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Guddøtra mi er kjempsøt, altså! Og pusen er ikkje så verst han heller..

solveig sa...

No har eg lånt første boka i serien, men først skal eg lese ferdig "Sult". Det passar godt i dag, sjølv om det kan bli vanskeleg å identifisere seg med hovedpersonen.