02 november 2008

Restesokkar

Inspirert av boka "Brukt på nytt", har eg strikka eit sokkepar av Opalrestar til minstemann.
Dei er lange i leggen slik at dei kan trekkast over buksa. Ein liten vrangbordkant nederst, gjer at dei sit godt på foten.
Enklare kan det ikkje bli :-)

2 kommentarer:

Besta sa...

Og det enkle er ofte det beste. Eg har mykje restar i all slags spraglegarn, einsfarga sokkegarn er det mindre med.

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Bra du har hender som held...Berre fortset å vere inspirert av den boka, det kan hjelpe på lommeboka...Og når det gjeld stoffa dine, studer Quiltville! Kanskje vi skal arrangere ei skjære/kutte-samling, eventuelt med plaster og munnbind...atchoo! Seriøst, altså!