21 november 2008

Nytt salongbord og den første snøen....

Dette salongbordet i lakka furu kjøpte vi då vi flytta inn i huset vårt i 1987. Vi har hatt det i tv-stova i alle desse (21!!!) åra. Det gjekk ikkje så lang tid før det blei ganske så oppstripa og fullt av hakk. Men sånn er det når ein har små barn i huset, og med fire gutar har det blitt ein del bilkøyring og annan aktivitet som set spor....
I dag var eg innom ei møbelforretning som har hatt konkurssal i litt over ei veke. Det var 60% avslag på det som var igjen, så då kjøpte eg dette bordet for litt over 800 kroner! Det gamle blei førebels flytta til "Ungdomsstova" (Dei ville faktisk ha det....).
Den første snøen er komen.....

3 kommentarer:

solveig sa...

Det var eit godt kjøp!
Her i huset er det nok litt slik at dei nye tinga våre er frå 80-talet. Mykje er mode for utskifting.
Eg har håpa på at ungane skal flytte ut og bli så pass fattige at dei tek imot arv.....
Så får eg kjøpe nytt!

Hildegard sa...

Gratulerer med nytt bord! Såg ut som pusen var tilfreds med investeringa også? Vinterbildet (same som i vår?) heng som måleri her ved PC-en, ein av dei mange UFOane til Besten.
Mamsen

Besta sa...

Gratulerer med nytt bord. Kjekt å få noko nytt iblant. Vårt salongbord er langt frå fint, men eg synest det er greitt å sleppe å vere forsiktig med tinga.