20 november 2008

Kul pakke frå Australia

I dag fekk eg tredje nåleputepakken frå Quilt Fabric Delights.
Må innrømme at eg ikkje har fått sydd pakke nr. to enno,
og at det er fare for at denne også blir liggande til over jul......
Men eg likte den veldig godt, og det var artig å få med originalstoffa frå Melly & me.
Som vanleg var der med ei søt nål i eigen liten boks. Denne gongen er nåla pynta med eit lite hus, som ser akkurat ut som husa på eit av stoffa.

Mønsteret er denne gongen designa av Melly & me.

2 kommentarer:

Elin sa...

Dette blir eit artig lite prosjekt! Gledar meg...
Bloggen din er også blitt veldig kuul...

Hildegard sa...

Koseleg Australiapakke, og så har eg forstått det slik at portoutg. frå A er lave samanlikna med frå N til A?
Mamsen