03 september 2008

Bursdagsfeiring

I dag har det vore bursdagsfeiring igjen i familien. I tillegg til mine eigne fire barn, er eg tante til sju andre barn/ungdommar som bur i nærleiken her, så det seier seg sjølv at det blir nokre barneselskap i løpet av eit år! I dag var det det minste tantebarnet mitt som jubilerte og vart heile åtte år. Eg begynte å strikke på bursdagsgåva hennar i vår, men så blei det full stopp med strikking med meg, så den vart dessverre ikkje ferdig. Får håpe den kan bli julegåve i staden for. Men eit lite heklaskjerf blei gjort ferdig no på tampen. Det er hekla i Tuva frå Europris, og vart mjukt og godt (og kløfritt...) Eg brukte eit mønster som eg fann i Dalegarn -mini- nr. 192.

3 kommentarer:

Besta sa...

Vi gratulerer Kristine med 8-årsdagen. Eg har no tenkt på henne i dag.Fint skjerf og fin jente!

Elin sa...

Du er blitt ein kløppar med heklekroken!

Anonym sa...

Så flott skjerf du har heklet til bursdags jenta. Synes også det sjalet du holder på å hekle i Faerytale ser flott ut... grønt og lilla er flotte farger sammen. Ha en fin helg :)